Posted in april 2009

Opning av Almeningstorget

Herøy kajakk klubb stilte med stand og leik i havet på opninga av den nye torgplassen på almeningskaia i Fosnavåg. Standen var ein sukksess med fleire som fikk augene opp for sporten vår. All ære til Christer som fikk laga ein feiandes flott plakat til annledninga, og til andre medlemma som sto for liv og røre.

2951_82659325717_541825717_2224059_5976996_n 2951_82659490717_541825717_2224060_3407616_n 2951_82659655717_541825717_2224062_4801212_n

Opninga på Herøy kommune si side

Besøk av Jeff Allen og Mark Schoon

Jeff og Mark passerte Sunnmøre på sin padleekspedisjon rundt Skandinavia, sjå: 

Jeff Allan’s Blogg
Artikkel på qajaq.no

Tirsdag 31. mars padla dei frå Kalvåg til Selje, men forholda rundt Stadt passa dårlig for padling. Dei blei henta til Ulsteinvik og onsdag heldt dei foredrag der dei møtte padlarar frå Herøy kajakk klubb. Eit lydhørt publikum fekk sjå bilder og høyre Jeff fortelje om padleekspedisjonane sine rundt Japan og Sør Georgia. Mark og Jeff avslutta kvelden med å fortelje om Skandinavia ekspedisjonen, før tilhøyrarane kunne stille spørsmål.

Torsdag 2. april la Jeff og Allan ut frå Brandal, med kurs mot nord.

 

 

 

 

 

 

 

 

Det er inspirerande for lokale padlarar å få eit innblikk i korleis ein kajakk kan brukast til å realisere draumar.

Tekst og foto:
Inge Håkonsholm