Foto: Stein Arne Lilleøy
Padlemiljøet i Herøy er stadig i veks, og førre veke opna Tor-Inge Warholm kajakkbutikken Yst ute Padlesport på Hjelmeseth
Og i butikken tilbyr Tor Inge 8% rabatt ved alle kjøp i butikken over 5000,-kr til medlemmar av Herøy Kajakk Klubb
Padlemiljøet i Herøy er stadig i veks, og førre veke opna Tor-Inge Warholm kajakkbutikken Yst ute Padlesport på Hjelmeseth
Tor-Inge Warholm er padle-entusiast og begynte å padle for 8 år sidan, aktivt har han holdt på med kajakk sidan 2005. Han tibyr no det meste ein treng innan sporten i den nyopna butikken heime i garasja. Butikken er ein spesialbutikk for med sal av kajakkar, sikkertheitsutstyr og elles det meste ein treng innan padling.
Det er ikkje noko liknande butikk i Regionen og etterspørselen let ikkje venta på seg, allereie no er det kome henvendingar frå heile Sunnmøre, noko som viser at padlemiljøet er i sterk vekst.
- Det er ikkje mange sportsbutikkar som har so mykje utstyr til å drive med kajakk, det var stor imøtekomelse frå kajakklubbar, sidan det var eit manglande tilbod for padlemiljøet i regionen, seier Warholm (biletet). 
Like viktig er det at butikken også sel sikkerheitsutsyr, bekledning og det ein elles treng for å vere ein aktiv padlar, samt køyrer Herøy kajakklubb kurs for dei som er interesserte i å begynde eller som berre vil lære meir om teknikkar. Den 23-24. mai blir det kurs for nybegyndarar, men det er få plassar att.
- Herøy kajakklubb har i dag rundt 60 medlemmar, og ynskjer at fleire skal ta del i miljøet. Det er i alle aldersgrupper, men vi vil gjerne ha med fleire ungdomar, seier Warholm, som legg til at ein også vil køyre kurs i juli.
Når ein skal kjøpe kajakk er det viktig at kajakken er riktig akkurat for deg, høgde, vekt og kva bruk ein skal ha den til er slik som spelar inn, og i butikken får ein hjelp til å tilpasse kajakken, samt tilbod om å kjøpe det viktigaste utstyret ein treng for å halde på med sporten. Yst ute Padlesport fører eit breidt utval av kajakkar i nær sagt alle klasser.
Sjekk ut heimesida på www.ystute.no .

Klide: Herøynytt
Foto og tekst: Aina Otneim
Vil gratulere Tor-Inge med super artikkel =) las den på Herøynytt også i dag tili.
Klubb rabatten er et godt tilskutt for klubben og vil hjelpe begge parter opp og fram
LYKKE TIL VIDARE