Posted in juni 2009

Demodag i Frøystavåg

DSC_0118Etter Ynskje ifrå eldsjeler i Frøystadvåg stilde Herøy Kajakk Klubb opp og hadde demodag på mandag. Vi reiste frå lett gråvær på Hjelmeset til strålande sol og sommar i Frøystadvåg, der blei vi møtt av ei forventningsfull forsamlig med pylser og laks på grillen.

HKK sine utsendingar satte straks igong med sjøsetting av alle båtane vi hadde med oss, å med det var demodagen igong. vil holdt det gåande i fleire timar å alle som var tilstades fekk seg små og store prøveturar. Nokre var tilogmed so heldige at dei velta slik at vi fekk demonstrere og øve på kamerat redningar. Christar var ikkje værre på den enn at han viste oss ei flott eskimorulle.

etter fleire timar so var Tor Inge og Christer blitt svoltne so vi for på land for å få i oss litt grilla laks med mykje godt tilbehør. Eg hade klart å få meg sevring av pylser frå kaia så eg var ikkje slett so svolten som dei, men laks må man ha. Etter maten fekk eg ein rask tur utpå att for dei få sjelene som kom under pausa, for vi kunne høre torden i det fjerne og mørke skyer samla seg. Tor Inge og Christer rydda utstyr i full fart og eg padla roleg fram og tilbake. akkurat når vi smelde igjen bildøra så starta regnet, så timinga var vell heilt perfekt.

Vi vil derfor takke for ein fin dag.

under kjem nokre bilde som vi har fått tilsendt

Bassengtrening avsluttet for sumaren

Etter mong en vellukka bassengtrening i Volda hos Sklia og i Badelandet i Fosnavåg sit vi igjen med denne videoen som Are har laga.

Vi har no avslutta Bassengtreningane for sumaren, men til vinteren vil vi sette opp faste treningar 1-2 gongar i veka. Det er då mulig å få trene i basseng heile vinteren å om alt går etter våre ønske vil vi og starte opp med Polokajakk når nye bassenget er Ferdig.

Pinsetur

Her har vi nett starta frå Eiksund

Her har vi nett starta frå Eiksund

Kveldsstemning ved Leiren

Kveldsstemning ved leiren

Frukost tilberedast

Frukost tilberedast

I pinsa blei HKK invitert med på tur at med turlaget i Ulsteinvik. Turen gjekk frå Eiksund til Ulsteinvik med ei overnatting på Kjellsund.

4 stk frå HKK  blei med på turen som førte oss inn i alle mulige krikar og krokar mellom Eiksund og Kjellsund. Vel framme på kjellsund gikk vi iland å spiste middag tilberedt over bål og stormkjøkken, før lavoen blei slått opp. etter maten blei det bålkos med mykje godt i koppen med tilhørande gitarspeling og mang eit tappert forsøk på allsong. Når natta kom til auget blei lavoen ståande tom, for været var perfekt for blunding under open himmel. Så ligge underlaga blei bretta ut og soveposane slengt oppå nokso sporadisk rund om i terrenget.

Når søndagsola vekte oss blei stormkjøkkena fyrt oppatt for tilbereding av diverse frukost rettar, min bestod i eggerøre, tomatbønner, bacon og polarbrød. Når maten var innabords so blei det frukostkvild før pakking av kajakka. Når det var over so var det bere å hive sej på vatnet igjen å sette kursen mot Kristofferholmen i Tjørvåg og lunsj. Når Lunsjen var inntatt over lengre tid blei det sjøgong igjen med kurs mot Dimna i ein oppfriskande blest, vel Framme på Dimna delte Gruppa seg i 2 der nokon gjekk iland medan resten padla rundt Dimna og til Osnenssanden.

Dette blei ei fin helg i perfekt vær å det er overhengande fare for gjentakelse neste år.