Pinsetur

Her har vi nett starta frå Eiksund

Her har vi nett starta frå Eiksund

Kveldsstemning ved Leiren

Kveldsstemning ved leiren

Frukost tilberedast

Frukost tilberedast

I pinsa blei HKK invitert med på tur at med turlaget i Ulsteinvik. Turen gjekk frå Eiksund til Ulsteinvik med ei overnatting på Kjellsund.

4 stk frå HKK  blei med på turen som førte oss inn i alle mulige krikar og krokar mellom Eiksund og Kjellsund. Vel framme på kjellsund gikk vi iland å spiste middag tilberedt over bål og stormkjøkken, før lavoen blei slått opp. etter maten blei det bålkos med mykje godt i koppen med tilhørande gitarspeling og mang eit tappert forsøk på allsong. Når natta kom til auget blei lavoen ståande tom, for været var perfekt for blunding under open himmel. Så ligge underlaga blei bretta ut og soveposane slengt oppå nokso sporadisk rund om i terrenget.

Når søndagsola vekte oss blei stormkjøkkena fyrt oppatt for tilbereding av diverse frukost rettar, min bestod i eggerøre, tomatbønner, bacon og polarbrød. Når maten var innabords so blei det frukostkvild før pakking av kajakka. Når det var over so var det bere å hive sej på vatnet igjen å sette kursen mot Kristofferholmen i Tjørvåg og lunsj. Når Lunsjen var inntatt over lengre tid blei det sjøgong igjen med kurs mot Dimna i ein oppfriskande blest, vel Framme på Dimna delte Gruppa seg i 2 der nokon gjekk iland medan resten padla rundt Dimna og til Osnenssanden.

Dette blei ei fin helg i perfekt vær å det er overhengande fare for gjentakelse neste år.

One response to “Pinsetur”

  1. Christer says :

    En fine tur ej misunne alle deltakaranje =) håpe de blir gjentatt og eg får muligheit til å bli me.

    Vil oppfordre andre også til å legge inn padleturar (med / utan bilde) her på HKK si side.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 389 other followers