Demodag i Frøystavåg

DSC_0118Etter Ynskje ifrå eldsjeler i Frøystadvåg stilde Herøy Kajakk Klubb opp og hadde demodag på mandag. Vi reiste frå lett gråvær på Hjelmeset til strålande sol og sommar i Frøystadvåg, der blei vi møtt av ei forventningsfull forsamlig med pylser og laks på grillen.

HKK sine utsendingar satte straks igong med sjøsetting av alle båtane vi hadde med oss, å med det var demodagen igong. vil holdt det gåande i fleire timar å alle som var tilstades fekk seg små og store prøveturar. Nokre var tilogmed so heldige at dei velta slik at vi fekk demonstrere og øve på kamerat redningar. Christar var ikkje værre på den enn at han viste oss ei flott eskimorulle.

etter fleire timar so var Tor Inge og Christer blitt svoltne so vi for på land for å få i oss litt grilla laks med mykje godt tilbehør. Eg hade klart å få meg sevring av pylser frå kaia så eg var ikkje slett so svolten som dei, men laks må man ha. Etter maten fekk eg ein rask tur utpå att for dei få sjelene som kom under pausa, for vi kunne høre torden i det fjerne og mørke skyer samla seg. Tor Inge og Christer rydda utstyr i full fart og eg padla roleg fram og tilbake. akkurat når vi smelde igjen bildøra så starta regnet, så timinga var vell heilt perfekt.

Vi vil derfor takke for ein fin dag.

under kjem nokre bilde som vi har fått tilsendt