HKK på søndagstur i Kanoland

I helga pakka HKK hengaren å for til Rangøya for årets haustsamling, Fortsett å lese
Etter Ynskje frå festival ledelsen så stilde HKK opp i Herøy fritidsbad for ei “rollj og tollj” ykt i bassenget. Det heile blei nokre fuktige, artige å klorhaldig timar i bassenget. Vi viste litt forskjellige redningsrutiner, ruller å diverse fjas som let seg gjer i ein kajakk. Det var nokre barn som fekk prøve seg i kajakkane å dei starta rimeleg fort med diverse ballansekunstar, dei fekk og prøve seg på vel gjennomførte egenredningar. Heile seansen gjekk smertefritt føre seg, men det hadde ikkje skada med fleire “ferskingar” i bassenget men alt i alt ein fin kveld.

Sidan vi ikkje har fått opp det lenge etterlengta naustet vårt enda så blei det ein liten dugnad i dag. Været var ikkje heilt med på den planen, men trass i været så var det nokre tapre skjeler som stilde opp. Røysverket er det som står på agendaen frammover, å her kjem nokre stemningsbilete av dagens våte snikarar.

