Haustsamling på Rangøya 09

I helga pakka HKK hengaren å for til Rangøya for årets haustsamling, vi ankom Rangøy rorbuer akkurat tidsnok til å rekke allmøtet. Der fekk vi den infoen vi trengde å dei av oss som ikkje skulle delta på kurs fekk melde oss på workshops.
Klubben er så heldig å ha ein aktivitetsleiar blant oss å han var opptatt heile helja på aktivitetsleiarsamling. Ellers var det 2 medlem som var på grunnkurs, 3 medlem var på teknikkurs, 2 deltok på tur for vidarekomne og 3 deltok på rull og tull / brottpadlingstur. Alle kurs deltakarane hadde bere store smil å gode ord å kome med, turfolket hadde fått bryna seg i store dønningar. Brottpadlarane hadde hatt ein begivenheitsrik tur som innebar mange fine brott, to samanstøytar der den eine førte til spidda kajakk, medan den andre gjekk relativt smertefritt føre seg. Fleire av oss fekk dessutan teste straumen som vi ikkje rakk å forske ut på fjorårets samling.
Baccalao middagen på laurdagskvelden smakte som i fjor heilt fortreffeleg. å det blei ein del kajakksnakk under og etter middagen. På søndagen hadde Kursfolket 8 timar igjen av kurset så dei blei opptatt med det heile dagen, medan nokre av tur og brottfolket dro ut på ein fin liten restitusjonstur i skjerma farvatn som enda om med ein liten tur ut for å kjenne på vinden som hadde komt i løpet av natta. Resten slappa av på land medan dei starta litt på nedpakkinga før avreise heimover. Helga blei som i fjor ein kjempe suksess å planane for neste års deltakelse er allereide i gang.

Eit av tre teknikkurs på dag 1 utanfor Håholmen

Grunnkurset lunsjar

Brottpadlarane i fri utfoldelse


Devold
Herøy Næringsforum