Posted in januar 2010

Bratt læringskurve!

I går kveld bar det til Herøy Fritidsbad på rulletrening igjen! Er blitt ganske hekta på å rulle kajakk, så fredagen blir ikkje heilt den same uten :-)

Trena meir på stormrulla i går, og syns den begynner å sitte ganske bra! Er i grunnen litt rart å tenke på, at det ikkje eingong er 2 månader sidan eg var på rulletrening første gongen. Eg hadde forhåpninger om at eg skulle klare å lære eskimorulle, men må innrøme at det har gått over all forventning! 

Har laga ein liten video: :-)

Meir rull og tull!

I går kveld var det duka for meir rull og tull på Herøy fritidsbad. Tre båter blei sjøsette i bassenget: Min Greenland, Jon Oli sin Aquanaut og Eldar sin Dex.

Hadde planer om å trene på stormrulla, og studerte den grundig på videoklipp på førehand. Utfordringa med stormrulla er at den er framoverlent, mens dei andre rullene eg kan er bakoverlent. Sjølv om hovudet veit kva eg skal gjere, stritter kroppen imot, og vil legge seg bakover! Eg fekk til noko som likna stormrulle eit par gonger, men dette må øvast meir på.

Ellers fekk eg prøvd meg litt som rulleinstuktør i går :-) . Daniel var med for første gong, og eg ville prøve å hjelpe han i gong. Ei rulle er ein ganske kompleks bevegelse, som for ein fersk ruller som meg, ikkje er lett å formidle. Likevel syns eg vi kom godt i gong i går. Rulla fekk han ikkje til, men i staden blei han i løpet av kvelden ein kløpper på static brace! Han låg og flaut i rett vinkel ut frå kajakken, tildels under vatn, og klarte gong på gong å rulle seg oppigjen på kjølen. Den mykje omtala "hoftevrikken" er med andre ord på plass. Med litt instruktørassistanse frå ein av klubben sine meir erfarne rullere, trur eg at Daniel har rulla på plass på neste trening.

Mot slutten av treninga blei eg utfordra til å prøve meg på shotgun-rulle. Etter ei kjapp innføring, og litt hjelp til å legge åra rett, satt rulla som eit skudd! Kul rulle, som eg skal øve meir på!

Tekst: Mildrid Flø

Nyttårsrulling

I går blei det nye året innleia med rulletrening i bassenget i Herøy. Jon Oli hadde med den nye Aquanauten sin, og eg hadde min Greenland. Trygve var også med, og i tillegg var Eldar, Christer og Tor Inge også på trening.

Jon Oli fekk låne min kajakk til å begynne med, sidan den er lettare å rulle. Sjøl om han berre har fått til rulla ein gong tidlegare, gjekk det ikkje lenge før han fekk det til. I mellomtida fekk eg prøvd meg litt i Aquanauten. Aquanauten var veldig grei å rulle med, og rulla satt på første forsøk. Den føltes også stødig under static brace. Fekk også prøvd Dex´en til Eldar.

Mot slutten av treninga, satt rulla til Jon Oli så bra at han ville gjere eit forsøk i Aquanauten også. Han var ikkje lite stolt når han fekk det til på første forsøket!

Eg føler at rulla sit godt i basseng no. Er spent på om det går like greitt i sjø. Må snart få teke ein tur for å teste.

 

Tekst: Mildrid Flø