Meir rull og tull!
I går kveld var det duka for meir rull og tull på Herøy fritidsbad. Tre båter blei sjøsette i bassenget: Min Greenland, Jon Oli sin Aquanaut og Eldar sin Dex.
Hadde planer om å trene på stormrulla, og studerte den grundig på videoklipp på førehand. Utfordringa med stormrulla er at den er framoverlent, mens dei andre rullene eg kan er bakoverlent. Sjølv om hovudet veit kva eg skal gjere, stritter kroppen imot, og vil legge seg bakover! Eg fekk til noko som likna stormrulle eit par gonger, men dette må øvast meir på.
Ellers fekk eg prøvd meg litt som rulleinstuktør i går
. Daniel var med for første gong, og eg ville prøve å hjelpe han i gong. Ei rulle er ein ganske kompleks bevegelse, som for ein fersk ruller som meg, ikkje er lett å formidle. Likevel syns eg vi kom godt i gong i går. Rulla fekk han ikkje til, men i staden blei han i løpet av kvelden ein kløpper på static brace! Han låg og flaut i rett vinkel ut frå kajakken, tildels under vatn, og klarte gong på gong å rulle seg oppigjen på kjølen. Den mykje omtala "hoftevrikken" er med andre ord på plass. Med litt instruktørassistanse frå ein av klubben sine meir erfarne rullere, trur eg at Daniel har rulla på plass på neste trening.
Mot slutten av treninga blei eg utfordra til å prøve meg på shotgun-rulle. Etter ei kjapp innføring, og litt hjelp til å legge åra rett, satt rulla som eit skudd! Kul rulle, som eg skal øve meir på!
Tekst: Mildrid Flø


Devold
Herøy Næringsforum