Posted in mars 2010

Baklengs sveiperulle

Her er ein liten snutt frå treninga i går kveld:

Det er lenge sidan eg trente inn ei ny rulle no. Det har vore så mange nye som har møtt i det siste, at treningane for det meste har gått med til nybegynneropplæring. I gårkveld derimot, var det berre "gamle travarar" som møtte. Eg hadde ikkje studert noko ny rulle på førehand, men ein av dei andre hadde ei han heldt på å trene på, så han forklarte den for meg. Han visste ikkje kva rulla heitte, men etter å ha sett litt på videoklipp, har eg kome fram til at det må vere ei baklengs sveiperulle.

Fekk til rulla på eit vis, men følte eg plundra litt med å få åra på plass før sveipen. Ser på videoklippet av Turner Wilson, at han ligg meir bakover på dekk i det han går rundt. Det vil nok gi ein betre utgangsposisjon for sveipen, enn den posisjonen eg hadde. Det blir arbeidoppgåva til neste trening :-)

 

Tekst og video: Mildrid Flø

Rullekodeknusing

På rulletreninga fredag kveld, rulla eg ikkje ei einaste rulle. Eg satt faktisk ikkje oppi kajakken ein gong! Grunnen til det, er at eldste dotter mi ville lære å rulle kajakk, og la beslag på båten min heile kvelden. Korleis det gjekk, kan du sjå på denne videoen.

 

Tekst: Mildrid Flø

Padletur til Selvågane

Eg og Mildrid tok oss en kort kajakktur onsdag 3 mars. Vi hadde tenkt oss å padle rundt Eika i dag, men vi fikk for kort tid til det. Det vart da en tur til Selvågane i staden. Vi kjørte til Eiksund og fant oss en flytebrygge til å sette ut kajakkane fra.  Det var litt kaldt i lufta, men sola varmet litt så det vart meir behagelig. Det å skulle entre kajakken fra flytebrygga grudde eg meg litt til, det har eg ikke gjort siden på kurset på Rangøya i fjor haust. Eg var ikke gira på å bade i den iskalde sjøen for å være heilt ærlig. Eg greidde det fint med litt hjelp av Mildrid.  Det var delvis frose i havna, men isen vi måtte forsere var veldig tynn og ga lett etter når vi kom der med kajakkane.  Det vart litt fotografering i starten av turen, nokre blinkskudd vart foreviga for framtiden. Sjøen var stille og blank, enkelte steder noen små krusninger i overflata. Inn i Selvågen kom vi, men i enden mot sør var det sørpe og tjukk is. Landskapet var for det meste dekket med snø. Vi stoppet der en liten stund og tok nokre bilder. Det er mange fine motiver her inne. På vegen tilbake oppdaget vi et naust med sjel i Havågen. Det var også fleire som hadde oppdaget det, en mink svømte foran naustet og krabbet på land og forsvant inn i steinmuren ved siden av naustet. Han prøvde forgjeves å få kontakt med artsfrender uten hell. Han kom fram igjen og gjorde fleire forsøk med sine spesielle rop, men ingen svarte på hans rop. Eg og Mildrid prøvde å lokke den fram igjen med å herme, men vi vart vel gjennomskua av minken.
Dette naustet ligger utrulig bra til der ved sjøen, det ser ut til å vere forlatt. Ikke er det stellt med bordkledningen på mange år, og noen av vindauga er knuste. Vi tenkte på kor kjekkt det hadde vore å ha hatt eit slikt naust på en så fin plass som dette naustet ligger på. Det får vel bli med tanken inn til videre.
Endelig er vi til bake ved flytebrygga, da er det å kome seg ut av kajakken tørrskodd, uten å velte den.
Sola forsvant bak fjella når vi kom til land, temperaturen sank betraktelig og lufta vart kaldare. Det var godt å kome heim til eit varmt hus og nydelig middag.

Litt knusning på sjøen…

Komen til Selvågen, blank sjø og speilbildet perfekt.

 

Hit og ikke lengre. Her var det tjukk sørpe og ikke fristande og sette seg fast her..

Naustet som vi fallt litt for, kunne vi berre fått tak i det og restaurert det…. 
Perfekt beliggenhet ;-)

 

Tekst og bilder: Jon Oli Arnason

Rundt Eika

I dag padla Jon Oli og eg rundt Eika. Som i går, la vi ut frå småbåthavna i Eiksund. Strålande vér, og fantastiske forhold for padling! I forbindelse med studiet mitt i friluftsliv, skal eg i vår ha eit praksisopplegg med kajakk. Eg kjem trulig til å gjennomføre noko av dette opplegget i Eiksund, for området er berre utrulig idyllisk! Eg håper å få tid til fleire turar framover, slik at eg kan bli godt kjent i området før eg skal ha praksis.

Det var rolige vindforhold i dag, og tilsynelatande flatt hav der vi la i veg. Då vi runda nord-aust-spissen på Eika, merka vi likevel at sjøen vart litt meir urolig. Når vi kom i le mellom Eika og Yksnøya, roa det seg igjen.  Då vi skulle runde Eika ved Eiketangane, vart det igjen urolig sjø. Det var faktisk såpass store bølger at det vart tendenser til surf når vi fekk bølgene inn bakfrå. Straks vi runda øya, var det igjen blikkstille. Grei erfaring at forholda kan vere såpass ulike innen eit så lite område.

Ikkje så mykje skvalpesjø her, men eg fekk i alle fall erstatta litt av vegsaltet på kajakken med ekte vare :-)

Ikkje så mykje skvalpesjø her, men eg fekk i alle fall erstatta litt av vegsaltet på kajakken med ekte vare :-)

Det var berre utrulig flott i dag!

I følge kartet er det ikkje passasje her, men "småbåtar smett framom der store går på grunn"

Matpause…

Vi brukte i alt 3 timer på turen i dag. Då tok vi oss god tid, og la inn ei lita matpause. Under praksisen trur eg at vi skal holde oss på innsida av Eika. Både fordi det er meir skjerma, og fordi det er meir spennande landskap her, med små holmer og trange passasjer. 

 

Tekst: Mildrid Flø

Årsmøtet 2010

Då var årsmøtet for 2010 historie. Vil og takke alle som møtte opp for et veldig bra møte ;)
Årsmøtedokumenta vil bli lagt ut på medlemssidene snart.

Det nye styret ser slik ut:
Tor Inge Warholm – Leder
Christer Torvik – Nestleder
Eldar Myrhol – Aktivitetsansvarlig
Anny Goksøyr – Informasjonsansvarlig
Mildrid Flø – Sekretær
Per Ivar Kvalsvik – Juniorgruppa
Christian Lillebø Remøy – Vara
Are Grimstad – Vara

Neste styremøte blei satt til 7. april.