I dag padla Jon Oli og eg rundt Eika. Som i går, la vi ut frå småbåthavna i Eiksund. Strålande vér, og fantastiske forhold for padling! I forbindelse med studiet mitt i friluftsliv, skal eg i vår ha eit praksisopplegg med kajakk. Eg kjem trulig til å gjennomføre noko av dette opplegget i Eiksund, for området er berre utrulig idyllisk! Eg håper å få tid til fleire turar framover, slik at eg kan bli godt kjent i området før eg skal ha praksis.
Det var rolige vindforhold i dag, og tilsynelatande flatt hav der vi la i veg. Då vi runda nord-aust-spissen på Eika, merka vi likevel at sjøen vart litt meir urolig. Når vi kom i le mellom Eika og Yksnøya, roa det seg igjen. Då vi skulle runde Eika ved Eiketangane, vart det igjen urolig sjø. Det var faktisk såpass store bølger at det vart tendenser til surf når vi fekk bølgene inn bakfrå. Straks vi runda øya, var det igjen blikkstille. Grei erfaring at forholda kan vere såpass ulike innen eit så lite område.
Ikkje så mykje skvalpesjø her, men eg fekk i alle fall erstatta litt av vegsaltet på kajakken med ekte vare
Det var berre utrulig flott i dag!
I følge kartet er det ikkje passasje her, men "småbåtar smett framom der store går på grunn"
Matpause…
Vi brukte i alt 3 timer på turen i dag. Då tok vi oss god tid, og la inn ei lita matpause. Under praksisen trur eg at vi skal holde oss på innsida av Eika. Både fordi det er meir skjerma, og fordi det er meir spennande landskap her, med små holmer og trange passasjer.
Tekst: Mildrid Flø