Posted in april 2010

Kveldstur til Varholmen

I kveld hadde vi ein flott kveldstur i strålande vårsol! Målet for turen var å trene litt på redningar og kose oss, noko som vi klarte med glans. Med på turen var Eg, Mildrid, Jon-Oli, Jan, Christer, Eldar og ein besøkande nybegyndar frå Langevågen.

Vi satt ut frå Toftestøa og padla mot Torvholmen, fortsatte så langs land forbi Flåvær, Husholmen før vi for mot sørsida av Varholmen, Der var eg så heldige at eg fikk meg to herlige sidesurfer på nokre dønningar som braut over eit skjær. Skillelig moro!

Så rundet vi rundt fyret på Varholmen og padlet inn i ei lun vik på store Sandøya, der trente vi litt på redningar og ruller, før vi tok turen til Varholmen og matet saudene, som hadde fått 3 lam, men fleire var på veg. Å vi fikk strekke litt på labbane.

Etter det gikk turen tilbake til Toftestøa, med litt støretak og hengetak trening.

Alt i alt ein glimrandes tur.

Nybegyndaren vi hadde med på tur, var kjempefornøyd etter turen og vart gira på meir padling. So då he vi fått sprett det gode budskap endå meir, Kanon!

Tekst og foto: Tor Inge Warholm

Tur til Vattøya

I dag la Herøy Kajakklubb turen til Vattøya.

Alt klokka 08.00 troppa vi opp ved Osnessanden, klare for tur i det flotte vårveret. Grunnen for den tidlige avgangen var at ein lokal frilansjournalist, som held på å skrive ein artikkel om padling her i området, skulle få utnytte morgenlyset og teke bilder til artikkelen sin. I tillegg til folk frå HKK, var det også med ein del andre padlarar frå området. I alt var vi 11.

Ruta gjekk først over til Håkonsholmen. Der blei vi ønskt velkomne av den lokale befolkninga, ei lita gruppe villsau. Ein av dei hadde to ørsmå lam, som utan å nøle fulgte mora heilt ned i vatnkanten på det bratte svaberget, Det var ikkje fritt for at eg planla "Aksjon Redd Bæ Bæ Lille Lam" der eg satt, men dei små var overraskane stø på beina der dei klivra rundt.

Vidare padla vi gjennom sundet mellom Håkonsholmen og Hatløya.

Sjøen var veldig rolig og fin då vi kom på utsida av Hatløya. Vi bestemte oss difor for å padle vidare utover, forbi Byholmane og til Vattøy.

Det var knapt ei krusning på vatnet, men ute ved Vattøy var det likevel eit visst drag i sjøen, heilt inne ved land. Etter å ha runda Vattøya, syns vi i HKK det var på tide med ein rast på land. Dei andre hadde meir lyst heim, og vende baugen mot Ulsteinvik.

Etter pausa vende vi også baugen heimover. Vi la frå land og padla utover i det Hurtigruta passerte forbi. Enkelte av oss håpte på ein liten surf på kjølvatnet, og padla med vi vann for å fange bølga. Dessverre måtte eg innsjå at min motor kom litt til kort….

Når vi drog kajakkane opp på sanden på Osneset, var klokka nærmare 12, og "alle var enige om at det hadde vore ein fin tur!"

Tekst og foto: Mildrid Flø

Fotoalbum: Tor Inge Warholm

Kursdatoar for juni er klare!

Komande kurs:

5-6 juni, NPF Grunnkurs, Vigra (snart fuldt)

12-13 juni, NPF Grunnkurs

26-27 juni, NPF Teknikkurs (instruktør Torbjørn Nordeide)

Påmeldingsskjema

Fleire kursdatoar vil kome utover sommaren, ved behov.

Mvh

Styret HKK

Bassengtrening avsluttast

No er somaren komen! (eller iallefall høgsessongen for havpadling) Bassengtrening blir då avviklet.

Bassengtrening kan evt organiserast ved behov, dersom der er ein god liten gjeng som vil delta. Til samme tidspunkt.

Bassengtreninga vil ta til igjen til vinteren

Mvh
Tor Inge Warholm og Eldar Myrhol
på vegne av Styret HKK

Prøvetur med Greenland GT

Det har sine fordeler å ha ein kajakkforhandler i klubben. I går fekk Ystute inn eit lass med nye kajakker, og Tor Inge inviterte om kvelden til testtur i Straumen.

Vi padla ikkje så langt, for det blei ein tur der utprøving av båtane var i fokus. Eg padla den nye Tahe Marin Greenland GT. Denne er like lang som Greenlanden min, men er 3 cm breiare og har 4 % større volum. I tillegg har den keehole-cockpit og ei lita dagsluke.

Eg fann meg straks tilrette i GTén. Lårstøttene passa meg perfekt, så eg følte eg hadde god kontakt med båten. Bakdekket virka litt høgare enn på min kajakk, men dette viste seg å ikkje ha noko betydning. GTén var like fin å rulle med som sin mindre slektning.

Tor Inge og Eldar testa ut dei nye variantane av Tahe Marin Reval, mini og midi. Spesifikasjoner blei diskutert, og egenskapane utprøvd. Ellers fekk eg pussa litt på telemarksvingen, og sidan Eldar tok seg eit bad, fekk vi også trena litt på kameratredning ;-)

Tekst og foto: Mildrid Flø