Rundetur på påskeafta

I dag var det klubbtur med Herøy kajakklubb til Runde. Vi var tre som møtte; Tor Inge, Jan og eg. Vergudane hadde stått opp med rette foten i dag, så det var strålande sol og lite vind. Vi skulle likevel ikkje padle langt før vi fekk smake litt på storhavet!

For meg som har testa Greenlanden mest i basseng dei siste månadane, blei dette ei skikkelig treningsøkt. Fekk virkelig kjørt meg med både hoftearbeid og støttetak. Heldigvis har eg hatt ein ivrig 7-åring med i bassenget i vinter, som har sett det som si oppgåve å syte for at mora får jobba med støttetaka sine.

Det blir smått med bildetaking under slike forhold. Har ikkje så lyst å sleppe åra når eg sit mellom tunge havdønninger. Først når vi var framme ved fuglefjellet og la oss i flåte, fekk eg tatt nokre bilder. Då er det sjølvsagt typisk at det på bilda ser ut som det er tilnærma flatt hav…. ;-)

Det var greitt med "støttehjul" ei lita stund før vi padla tilbake. Då kunne eg både få teke litt bilder, kvile litt, og få nyte naturen ei lita stund.

I fuglefjellet var det full aktivitet. Havsulene jobba med reirbygging, og fleire ørner sirkla rundt over Rundebranden.

Mot slutten av turen fekk karane leika seg litt i bølgene.

 

Tekst og bilde: Mildrid Flø

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 389 other followers