Påsketur i Eiksund

Herøy kajakklubb inviterte i dag til ein rolig påsketur, med høg kosefaktor i Eiksund. Åtte medlemmer møtte ved småbåthavna, og etter ei lita økt med påkledning og sjøsetting, la vi i veg i retning Selvågane.

Veret var strålande, med sol og for det meste rolige vindforhold. Det blei mykje snirkling, inn i kriker og kroker og under sjøbuer.

Eg syns denne vesle sjøbuda er utrulig sjarmerande, og etter å ha padla under den er eg ikkje mindre sjarmert! Berre sjå på bjelkane som ber golvet! :-)

Etter å ha utforska Selvågane ei stund, var det tid for ei pause i sola. Vi gjekk i land, og drog kajakkane opp på berget. Matpakker og termosser blei leita fram, og etter ei lita stund brann bålet godt.

Etter matøkta var vi klare for å ta åra fatt på nytt. Vi kryssa Selvågdjupet over til Eika, og padla innover mot Eiksund igjen. Også langs Eika er det flust med kriker og kroker å utforske.

Undervegs blei det også tid til å teste rulleferdighetene som vi har terpa på i bassenget i vinter. Eg har vore litt spent på om rulla ville fungere "i det virkelige liv" også, og begeistringa mi var stor når den satt på første forsøk!

 

Tekst og foto: Mildrid Flø

Fotoalbum: Tor Inge Warholm

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 389 other followers