Prøvetur med Greenland GT
Det har sine fordeler å ha ein kajakkforhandler i klubben. I går fekk Ystute inn eit lass med nye kajakker, og Tor Inge inviterte om kvelden til testtur i Straumen.
Vi padla ikkje så langt, for det blei ein tur der utprøving av båtane var i fokus. Eg padla den nye Tahe Marin Greenland GT. Denne er like lang som Greenlanden min, men er 3 cm breiare og har 4 % større volum. I tillegg har den keehole-cockpit og ei lita dagsluke.
Eg fann meg straks tilrette i GTén. Lårstøttene passa meg perfekt, så eg følte eg hadde god kontakt med båten. Bakdekket virka litt høgare enn på min kajakk, men dette viste seg å ikkje ha noko betydning. GTén var like fin å rulle med som sin mindre slektning.
Tor Inge og Eldar testa ut dei nye variantane av Tahe Marin Reval, mini og midi. Spesifikasjoner blei diskutert, og egenskapane utprøvd. Ellers fekk eg pussa litt på telemarksvingen, og sidan Eldar tok seg eit bad, fekk vi også trena litt på kameratredning


Devold
Herøy Næringsforum