Dimna
Vi hadde planer om klubbtur rundt Runde i dag, men dei planane bles dessverre vekk. I staden blei det ein padletur ved Dimna.
Ei sjøbud vi berre måtte padle under.
På Sjutøya tok vi pause, med grilling og kaffi på primus. Mens vi satt der, såg vi eit par andre kajakker ute på sjøen. Det var Nancy og Erling som var på tur, og dei kom innom for ein prat.

Pinsetur med kajakkpraksis
Denne helga skulle eg ha med ei gruppe studentar på padletur med overnatting. Dette som ein del av vegleiarpraksisen eg må ha i fordjupningsstudiet mitt i friluftsliv. Skodda låg tung utanfor soveromsglaset då eg vakna laurdag. Ikkje akkurat det veret eg hadde håpa på, då vi planla denne turen. Planen var å padle frå Eiksund til Ulsteinvik, med overnatting i Kjellsundområdet.
I Eiksund låg ikkje skodda like tjukk, men skydekket var lavt. Heldigvis var det helt vindstillt, og ganske fin temperatur. Det var ei trollsk stemning der vi padla utover langs stranda mot Selvågane.
Sjøen var speilblank! Området frå Eiksund til Selvåg er idyllisk med mange små holmer, viker og sund. Vi padla innom dei fleste, og tok oss god tid til å utforske området.
Frå Selvågane til Aursnespynten er det mykje glatte og bratte berg. Her er det ikkje mange plassane ein kan gå i land. Litt etter fyret fann vi ei vik, og der gjekk vi i land og tok ei lita matpause.
Vi kunne høyrde sauen breke lenge etter at vi hadde padla derifrå. Eg syns det var litt trasig at eg ikkje kunne klatre opp og hjelpe dei, men med crocs som einaste fottøy følte eg meg ikkje i stand til å gjennomføre ein "alpin" redningsaksjon. Borte ved småbåthavna i Kjellsund traff vi ein mann som ville prøve å få kontakt med eigaren, så då padla vi vidare med litt lettare hjerte.
I 17-tida var i framme ved Kvitøya. Kajakkane blei dregne godt opp på land, og vi leita fram alt utstyret vi hadde pakka i skotta.
Snart var leiren klar for natta, og gjengen kunne kose seg med taco og kanelsnurrer laga på primus.
Ruta vår for laurdagen. Ca. 19 km. til saman.
Trass i ei regnfull natt var det ein opplagt gjeng som søndags morgen gjorde seg klare for neste etappe. Sidan vi hadde padla lenger enn planlagt dagen før, bestemte vi oss for å legge turen utom Herøy Gard før vi til slutt skulle padle til Ulsteinvik. Den lille avstikkaren viste seg å ta langt lenger tid, og koste meir krefter enn vi var førebudd på. Vi padla store deler av distansen i ganske kraftig motvind, og då vi var framme nærma klokka seg halv to.
Etter pausa padla eg og studentane vidare rundt Herøya for å kome inn igjen til Herøy Gard. Her fekk dei ferske padlarane smake litt på havdønningane, noko dei takla på ein utmerket måte! Dei virka trygge i kajakken, og kunne smilande fortelje at dette syns dei var moro!
Planen var å padle til Ulsteinvik, men den lange turen i motvind gjorde at vi bestemte oss for å justere planen litt. Jon Oli kom difor med bilen og hengaren til Herøy Gard, og vi avslutta turen der.
Ruta vår på søndagen blei på ca. 10 km.
Pinsepadling i Kjeldsund
Herøy kajakklubb hadde invitert til padling i Kjellsund 2. pinsedag. Med på turen var Daniel, Elin, Einar, Jon Oli og eg. Vi la ut frå fjøra ved hyttene til leirstaden i Kjeldsund, og padla under brua og vidare til Makrellvågen.
Etter å ha utforska området litt og trent på ulike svingteknikker ei stund, padla vi tilbake til Kjeldsund. Vi tenkte å finne ei skjerma vik der vi kunne øve litt på redning, sidan Elin aldri hadde prøvd dette før, og padla derfor inn mellom Hestholmen og Bakarholmen. Vi skilde lag med Einar, som heller ville padle seg ei runde.
Ho kava litt med å kome seg opp på bakdekket, men snart var teknikken på plass og ho gjennomførte ei vellykka cowboyredning. Det var ei ganske stolt og fornøgd dame som endelig var på plass i kajakken igjen.
Med litt vegleiing gjekk også kameratredninga heilt etter boka.
Stolt og fornøgd enda ein gong!
HKKs fantastiske sommartreff
Er du interesert i å delta på ei fantastisk Padlehelg?
Herøy kajakk klubb arrangerer den 25 – 27 juni ei fortreffelig padlehelg på Flåvær.
Det blir kurs i NPF Våttkort-stigen og turar for dei som ikkje ønskar å gå kurs.
For ikkje medlemmar som vil delta uten kurs, tar vi kr 500,- for eit padlepass som dekker våre utgifter.
Vi overnattar i telt og grillar og kosar oss på kveldstid med godt selskap.
(ta med grillmat)
NPF Grunnkurs Hav:
16 timers kurs over to dager der deltakeren blir kjent med enkle sikkerhetsrutiner og øvelser, samt hvordan effektivt manøvrere kajakken i kjendt og skjermet farvatn. Perfekt for dei som vil bli sikrere på redninger og effektiv navigering av kajakken.Pris 2100,- (1500,- for medlemer av padleklubber)
NPF Teknikkurs Hav:
16 timerskurs over to dager der deltakeren får en grundig gjennomgang av padlingens tekniske muligheter, både med hensyn til teknikk og sikkerhet. Etter endt kurs kan deltakeren utføre god teknikk i rolige omgivelser.Pris 2100,- (1500,- for medlemer av padleklubber)
NPF Aktivitetsledarkurs:
16 timerskurs over to dager der deltakeren lærer å lære bort padleteknikker og å lede grupper på vannet.Etter endt aktivitetslederkurs kan utøveren planlegge og gjennomføre introduksjons- og grunnkurs, samt klubbturer i kjent og skjermet farvann.Pris 2100,- (1500,- for medlemer av padleklubber)
Tur til Herøy Gard:
For dei som ikkje går kurs er det muligheit for å delta på ein tur til Herøy Gard og Herøy kystmuseum Vi padlar frå Flåvær på morgonen, rastar på Herøya or retunerer til Flåvær etter vi har fått sett oss om på øya. Denne turen passar best for dei som ikkje skal gå kurs.inngår i padlepasset 500,- (gratis for medlemer av HKK)
Tur til Hids-fest-i-dalen:
For dei som ikkje går kurs er det muligheit for å delta på Hids-fest-i-dalen. Vi padlar frå Flåvær utpå laurdags ettermiddag, får med oss noen konserter og retunerer med nattpadling til Flåvær. Denne turen passar best for dei som ikkje skal gå kurs.inngår i padlepasset 500,- (gratis for medlemer av HKK)
På søndagen har vi ikkje noko spesielt planlagt, folk får nyte sin frihet, og padle der dei vil i området, eller delta på eit rullekurs.
inngår i padlepasset 500,- (gratis for medlemer av HKK)
|
Gratis leige av kajakkar dersom det er behov for det. (først til mølla) |
Bruk dette skjema for påmelding
Hids-fest-i-dalen
Hids-fest-i-dalen er ein rockefestival opp i Hidsdalen i Gjerdsvika.
Sidan denne festivalen klaffar så bra med padlehelga,
Sett vi av ein kveld til besøk på festivalen.
Vi padlar til Hide, der festivalen er bere ein 3km fjelltur unna.
Eller om ein får skyss med ein av traktorane til Hide karane som går opp til festivalen
På programmet kan vi nevne navn som AC/DC coverbandet Bon Scotch,
Led Zeppelin coverbandet New Zeppelin og Fatty Sunroad som er eit rockeband
som spelar det dei sjølve kallar "moderne carnival rock med ein mix av joie de vie".
Mvh
Styret i Herøy Kajakk Klubb
PS! Annbefalar oppmøte på fredagen, der alle pakkar til helga i kajakken og padlar til Varholmen på Flåvær. Dette blir base for hele helgen. Vi annbefalar å legge ut på småbåthavna på Moltu, eller i Toftestøa. Da blir det kortest padletur til Varholmen. Men oppmodar tilreisande å parkere fornuftig så vi ikkje hindrer annen bruk av områdene.
Ta kontakt med Tor Inge Warholm 90023696 for evt spørsmål.
Kristi himmelfartsdag i Eiksund
Litt teknikktrening blei det sjølvsagt også.
Ved ei lagune, drog vi kajakkane på land og tok matpause. På fjøre sjø er det berre ei lita passasje som er åpen inn til denne laguna. Det danna seg faktisk ein bitte liten tidevatnstraum i denne passasjen mens vi hadde pause, så vi leika oss litt i denne før vi padla vidare.
Planen var å padle tilbake til Eiksund same vegen som vi kom, men det bles litt opp og vi fekk vinden og bølgene inn frå sida. Vi valgte difor å padle rett mot vinden, og krysse over til Selvågane. På den sida var det mindre vind og bølger.



Devold
Herøy Næringsforum