Naust prosjekt støtte for 2009

Vil herved rette takk til Herøy Næringsforum for støtta vi fikk i fjor. Den har no endelig komt på konto, og vi er et steg nermare å få finansiert naustet vårt på Kvalsund.

Håper på vi kan ha eit fruktbart sammarbeid til andre prosjekt, sidan Næringsforumet oppfordrer oss til å satse meir på reiselivsatsing.

Og dersom det er andre som vil støtte oss, er det bere å slenge seg på, for det står att endå litt til ;)

Legg ved vedtaket frå styremøtet i Herøy Næringsforum:

Sak 33/09: Søknader til behandling 04.12.09:
Herøy Kajakk Klubb: Klubbnaust på Kvalsund
Styret vedtek å løyve kr.50.000,- til klubben. Kajakk klubben blir samtidig oppfordra til å engasjere seg meir mot reiselivsnæringa som kan gi dei gode inntekter og utviklingspotensiale vidare.

Den opfordringa tar vi på strak arm,  neste prosjekt i klubben er derfor å betre utleige tilbudet for medlemmar og ikkje medlemmar. Vi kjem også til å satse meir på kurs og guida turar, for medlemmar, private, turistar og bedrifter. Håper so monge som råd kan hjelpe oss med å få realisert dette, og kom gjerne med tips om støtteordningar vi kan benytte oss av.

Mvh

Styret HKK

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 389 other followers