Pinsetur med kajakkpraksis

Denne helga skulle eg ha med ei gruppe studentar på padletur med overnatting. Dette som ein del av vegleiarpraksisen eg må ha i fordjupningsstudiet mitt i friluftsliv. Skodda låg tung utanfor soveromsglaset då eg vakna laurdag. Ikkje akkurat det veret eg hadde håpa på, då vi planla denne turen. Planen var å padle frå Eiksund til Ulsteinvik, med overnatting i Kjellsundområdet. 


I Eiksund låg ikkje skodda like tjukk, men skydekket var lavt. Heldigvis var det helt vindstillt, og ganske fin temperatur. Det var ei trollsk stemning der vi padla utover langs stranda mot Selvågane.

Sjøen var speilblank! Området frå Eiksund til Selvåg er idyllisk med mange små holmer, viker og sund. Vi padla innom dei fleste, og tok oss god tid til å utforske området.

Frå Selvågane til Aursnespynten er det mykje glatte og bratte berg. Her er det ikkje mange plassane ein kan gå i land. Litt etter fyret fann vi ei vik, og der gjekk vi i land og tok ei lita matpause.
Trass i at vi tok oss god tid og var innom dei fleste kriker og kroker, var vi framme ved Kjellsund alt i 15-tida. Vi drog kajakkane opp og  gjekk i land på den vesle holmen mellom Hestholmen og Bakarholmen. Der blei vi merksame på ein sau som hadde gått seg fast på ei berghylle på Bakarholmen, og etter litt såg vi at ho også hadde eit lite lam med seg. Sauen breka og breka, klatra litt rundt, men fann ingen veg oppatt frå hylla. Vi syns det var for tidleg å slå leir for natta, så vi bestemte oss for å padle til Kvitøya, der det også er ein flott plass å overnatte. Då vi avslutta pausa og drog vidare, sto sauen og lammet framleis på hylla.

Vi kunne høyrde sauen breke lenge etter at vi hadde padla derifrå. Eg syns det var litt trasig at eg ikkje kunne klatre opp og hjelpe dei, men med crocs som einaste fottøy følte eg meg ikkje i stand til å gjennomføre ein "alpin" redningsaksjon. Borte ved småbåthavna i Kjellsund traff vi ein mann som ville prøve å få kontakt med eigaren, så då padla vi vidare med litt lettare hjerte.

I 17-tida var i framme ved Kvitøya. Kajakkane blei dregne godt opp på land, og vi leita fram alt utstyret vi hadde pakka i skotta.


Snart var leiren klar for natta, og gjengen kunne kose seg med taco og kanelsnurrer laga på primus.
Seinare såg vi fleire padlarar på tur. Inge, Nancy og Erling har nærast gjort det til ein tradisjon og padle i pinsehelga, og også dei hadde sett seg ut Kvitøya som mål for kvelden. Litt seinare kom også Hallstein ut til oss. Dei slo opp lavvoen sin litt lenger inne på øya, men kom ned til oss for å tenne bål i grua som er tillaga der. Dei kunne fortelje at jungeltelegrafen hadde gått, og at dei bergfaste sauene var Hallstein sine. Inge og Erling hadde teke saka, og klatra opp for å guide dei to ut av knipa. Studentane var trøytte og slitne etter ein dag med mykje padling og frisk sjøluft, og fann soveposane klokka 21. Underteikna fann fram snyltekoppen, og heldt dei andre med lag rundt bålet til midnatt.

Ruta vår for laurdagen. Ca. 19 km. til saman.

Trass i ei regnfull natt var det ein opplagt gjeng som søndags morgen gjorde seg klare for neste etappe. Sidan vi hadde padla lenger enn planlagt dagen før, bestemte vi oss for å legge turen utom Herøy Gard før vi til slutt skulle padle til Ulsteinvik. Den lille avstikkaren viste seg å ta langt lenger tid, og koste meir krefter enn vi var førebudd på. Vi padla store deler av distansen i ganske kraftig motvind, og då vi var framme nærma klokka seg halv to.
Ved Herøy Gard traff vi Eldar, Elin og Liv som også var ute å padla. Dei slo seg saman med oss, og vi tok pause i lag ved spelplassen yst på Herøya.

Etter pausa padla eg og studentane vidare rundt Herøya for å kome inn igjen til Herøy Gard. Her fekk dei ferske padlarane smake litt på havdønningane, noko dei takla på ein utmerket måte! Dei virka trygge i kajakken, og kunne smilande fortelje at dette syns dei var moro!

Planen var å padle til Ulsteinvik, men den lange turen i motvind gjorde at vi bestemte oss for å justere planen litt. Jon Oli kom difor med bilen og hengaren til Herøy Gard, og vi avslutta turen der.

Ruta vår på søndagen blei på ca. 10 km.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 389 other followers