Arkiv | mai 2010

Naust prosjekt støtte for 2009

Vil herved rette takk til Herøy Næringsforum for støtta vi fikk i fjor. Den har no endelig komt på konto, og vi er et steg nermare å få finansiert naustet vårt på Kvalsund.

Håper på vi kan ha eit fruktbart sammarbeid til andre prosjekt, sidan Næringsforumet oppfordrer oss til å satse meir på reiselivsatsing.

Og dersom det er andre som vil støtte oss, er det bere å slenge seg på, for det står att endå litt til ;)

Legg ved vedtaket frå styremøtet i Herøy Næringsforum:

Sak 33/09: Søknader til behandling 04.12.09:
Herøy Kajakk Klubb: Klubbnaust på Kvalsund
Styret vedtek å løyve kr.50.000,- til klubben. Kajakk klubben blir samtidig oppfordra til å engasjere seg meir mot reiselivsnæringa som kan gi dei gode inntekter og utviklingspotensiale vidare.

Den opfordringa tar vi på strak arm,  neste prosjekt i klubben er derfor å betre utleige tilbudet for medlemmar og ikkje medlemmar. Vi kjem også til å satse meir på kurs og guida turar, for medlemmar, private, turistar og bedrifter. Håper so monge som råd kan hjelpe oss med å få realisert dette, og kom gjerne med tips om støtteordningar vi kan benytte oss av.

Mvh

Styret HKK

Søndagstur med høg kosefaktor, og eit bittelite innslag av dramatikk

I dag la Herøy kajakklubb søndagsturen til Kjeldsund. Med på turen var Trygve og eg, Eldar, Christer og Jan. Tidlegare i veka hadde Yr gitt oss forhåpningar om sommarver, men det var ikkje mykje som minnte om det, der vi lasta kajakkane på bilen, mens "snøen dalte lett og fin". Veret var heldigvis litt betre når vi kom fram til Kjeldsund.

Erfaringane frå dei siste turane Trygve har vore med, er at han treng slep undervegs, og at båten hans er fryktelig vinglette å slepe. Derfor hadde vi i dag mekka til eit ror på kajakken hans, for å gjere den meir retningsstabil. Roret hadde vi lånt frå ein annan kajakk. Det vart festa med tau og gaffatape, slik at sto fast, og fungerte meir som ein kjøl. Dette gjorde underverk, og båten vart mykje enklare å slepe! Vi vil prøve å få laga ein slags finne til å montere bakpå, slik at han lettare kan halde retninga, både under slep og når han padler sjølv.

Trygve har tydeligvis fått smaken på det gode liv, og etterlyste ganske snart ei slepeline. Eldar var som vanlig ikkje tung å be.

Det blei ingen lang padletur i dag. Alle godsakene som var pakka i skotta, gjorde at det frista veldig med ei lang og god pause.

Fram frå pakksekkane vart det henta både kaffi og kake, sveler og ingredienser til Eldar sine fantastiske ostesmørbrød!

Veret skifta fort. Snart regna det godt, så kaffi og kake blei tekne med i skjul under eit tre.

På grunn av regnet, bestemte vi oss for å pakke i båtane og kome oss på vatnet igjen. Like etterpå skein sola! Vi snirkla oss litt omkring dei mange holmane, og trente på ulike svingteknikkar, før vi vende baugen tilbake mot utgangspunktet. Det vesle stykket tilbake til bilen, tok eg Trygve på slep. Eg padla i fint driv, då eg plutselig høyrer hyl og skrål bak meg! Då eg snur meg ser eg Trygve i vatnet, og at båten hans ligg med kjølen i været! 

Det går heldigvis ikkje mange sekund før dei paniske hyla er erstatta med latter. Trygve er godt utstyrt med både tørrdrakt og redningsvest, og forsto fort at dette ikkje var så farlig likevel. Han fekk klatre opp på bakdekket på Eldar sin kajakk, mens vi starta arbeidet med å få kajakken på rett kjøl igjen.  Å få tømt båten hans, skulle derimot vise seg å bli ei lita utfordring. Kajakken er uten skott, og var brytung å få opp på dekk. Det gjorde det heller ikkje betre at den er heilt uten dekksliner.

Heldigvis har den ei lita kork i hekken som kan skruast opp, slik at vatnet kan renne ut. Til slutt var kajakken tom, og kunne settast på vatnet igjen. Det er greitt å ha prøvd kameratredning med ein skottlaus båt. Det var langt frå like enkelt som med ein havkajakk! Trur nok det må monterast dekksrigging på Trygve sin båt, slik at det i det minste blir litt lettare å få tak på den. Helst burde den hatt ein skottvegg også.

I ettertid syns Trygve dette var skikkelig kult! Han ville gjerne gå rundt ein gong til ! Med andre ord, har han ikkje teke skrekken.

 

Tekst og foto: Mildrid Flø

Aktivitetsleiarar

Christer og Tor Inge på Aktivitetsleiarkurs på tjøme

23-25 April i år var Tor Inge og Christer på vårsamling på Tjøme, der deltok dei på aktivitetsleiarkurs. Då gjenstår hospitering på kurs før dei er klare til å kunne halde kurs for HKK. I tilegg tok Eldar Aktivitetsleiarkurset på stormsamlinga på Bulandet i haust, 23-25 april var han tilbake på Bulandet under vårsamlinga der å hospiterte på kurs. Han er på i skrivande stund klar for å halde kurs. Hkk har og ein 4. mann som er aktivitetsleiar, Kåre som hospiterte på det første kurset i HKK si historie. Christer, Tor Inge og Eldar var deltakarar på det kurset så vi er ein godt samansveisa gjeng med Aktivitetsleiarar i HKK.

Sidan vi no har klart å utdanne kurshaldarar innad i klubben vil det bli mykje enklare å sette opp kurs etter medlemmane sine ønsker. Men vi held ikkje kurs for mindre grupper enn 4 mann, dette fordi at kursa blir ikkje gode læremiljø med få deltakarar. For å ha eit godt lære miljø treng ein ei gruppe på fleire padlarar slik at forskjellige situasjonar lettare oppstår. Kursa er nemlig oppbygd av learning by doing prinsippet. Så vi håpar på mange og gode kurs i framtida.

Nybyrjartur

I dag var der to Nybyrjarar som var klar for ein liten tur for å prøve ut  dette med Padling. Det blei då 3 stk frå HKK og 2 nybyrjarar. Ingen av dei hadde noko særleg erfaring så dette blei spanande. Vi brukte klubbens nyinnkjøpte kajakkar BD epsilon henholdsvis 200 og 300 medan eg sjølv “måtte” padle Dex sidan Isabell ville ha Romanyen.

Vi valgde å gjera det enkelt for dei å la då ut ifrå fjøra framfør bryggja. Eg satte ut først slik at eg var sikring ved ein evt velt, Mr. Torvik hjalp dei ombord slik at det heile gjekk smertefritt føre seg. Begge fant fort ballansen å alt var i skjønnaste orden, den eine av dei hadde litt problem med framdrftstaka medan den andre meistra dette heilt fint. Vi tok då ei lita runde medan dei to på land kom seg i båtane sine. Straks alle var på vatnet la vi kursen innover straumen mot ei lita vik som er heilt fortreffeleg å gå i land i. Eg å framdriftslitaren blei liggande litt etter, eg spurde då om han vil bli slept eit stykke. Noko motvilleg takka han ja til dette, å gleden var då stor for underteikna. Taueøving er altid like kjekt, Eg padla då med ei Grønnlandsåre frå thygesen i min lille smekre Dex. Eg fant fort ut at ein liten Dex med ei lita thygesenåre ikkje er optimalt verkty for sleping av ein stor båt med ein stor førar i. Men sjølv om det blei ein del spinning med åras så gjekk det greit. Etter nokre hundre meter med spinning fekk eg skifte åre med Torvik, eg enda då opp med ei Werner shuna å det heile blei mykje betre. Dei siste hundre metera fram til vika fekk eg slepehjelp med Torvik. Vel inne i vika blei slepet avslutta å nybyrjaren fek ta siste rest sjølv.

Strandhøgg, Som det ofte er med meg og Torvik på tur så er strandhøgg nesten aldri planlagd så koseartiklane i form av kaffi og anna dig var heller labert. Eg å Torvik klarer aldri å planlegge turane våra dei blir ofte tatt på sparket med tilhøyrande mangel på strandhøgg artikklar. I dag blei vi einige om at vi skal skjerpe oss på denne fronten, eg tenkjer tilbake på morgonturen vår på 15 km utan noko anna å bite i enn ein sjokolade på deling med gru. Då blei vi tome for energi å dei siste 5 km var iallefall for meg eit blodslit.

Etter høgget la vi ut på tilbaketuren, han som blei slept store delar av turen fram padla nesten heile vegen tilbake på eigenhand. Det gjekk seint og smått, framgong var der likavel. siste biten heiv eg han på slepp at å alt var berre fryd og gammen. Eg har satt meg som mål at på slutten av denne sesongen så skal han bli ein dyktig padlar. Dette målet vil nok kreve mykje trening å tolmod men eg veit at eg har tolmodet på plass. Å eg trur at han har nok med tolmod til at vi skal klare det. Vilja å ballansen er der iallefall. så då blir det mange småturar med teknikk og kos i fokus i tida framover. Dette trur eg vi skal klare, eg gledar meg til å sjå padlegleda og kunnskapen vekse i han.

Tekst: Eldar Myrhol

4 fengande årstider i Tjørvåg

HKK la i dag turen til Tjørvåg for ein fullstendig avslappa lavterskeltur. Olea, Mildrid, Jon Olli, Trygve å eg satte ut frå “syden” med mykje godt i lukene. Trygve som er HKK sin yngste aktive padlar ga fort beskjed om at han ville bli taua, eg var ikkje vanskelg å be. Opp med tauelina å klips på, turen var herved igong.

Det blei ein tur der veret veksla mellom sludd og regn, og sol og blå himmel.

Det var med eit stort smil og kalde hender eg taua ivei i den værste sluddbyga Herøy hadde sett, iallefall på nokre timar. Medan eg padla slik med kalde hender murra det ein tanke i hovudet mitt, tenk om eg hadde lagt pogiesane mine i luka istaden for under slitte dekkstrikk. Då hadde dei ikkje forsvunne å eg hadde hat varme hender eg no. Men alt etter ca 300-400 m padling skein det av med varme solstrålar å alle tankar blei berre positive. Men eg må seie at det å taue ein vinglete barnekajakk med innaktiv padlar oppi ikkje er som å taue ein sliten padlar i ein vaksenkajakk. Fordi at båten var så liten at den for frå eine sida til hi konstant, slik at kursen min blei konstant skifta frå eine vegen til hinn. Men det heile gjekk alikavel greit, for vekta på slepet var ikkje så mykje å snakke om å nokre kjappe sveipetak retta kursen min rimelig kjapt.

Undervegs var vi innom det meste av kriker og kroker, og slike er det mange av i dette området.

Etter at vi hadde slepa over fjorden, gjenom “skumlesund” kom vi til “lunvik”. Her slapp eg trygve laus slik at han kunne få padle litt på eigenhand. Etter litt padling i området ville han iland, gruppa blei då einige om at vi skulle forlate “lunvik” å padle over til “lisjeblink” Det heile gjekk fortreffeleg med untak av nokre strofer om å bli slept. Vi kom da med oppmuntrande ord og sa at han skulle få slep etter ar vi hadde våre i land hos lisjeblink.

Trygve i fint driv på veg bort til "Lilleblink".

Ein liten tur på land…

Etter “lisjeblink” seansen var over padla vi oss inn på nok ei lun vik med grunt vatn. Her blei det ein heil del teknikktrening for store og små. Støttetak, styretak og mykje overmodig kanting. Det var nemlig sopass grunt at om du kanta det over styr så var det bare å legge åra i bunn å vippe seg på rett kjøl att. Eg likar slike grunne viker for dei gjer teknikk trening sopass trygg at alle tør å utforske grensene for seg sjølv og sin båt. Inne i denne vika tok vi og ein velfortent rast med mykje godt mat og var drikke i steikande sol og sommarlege tempraturar. I det vi satte ut båtane astt for den siste etappa kom Kong vinter attende med snø og bitande kald vind. Takane mine gjekk då nok eingong over på mine kjære pogiesar som ligg å flyt ein stad på dei 7 hav.

Det er veldig moro når ein padler inni ei lita vik, og det viser seg at vika er inngangen til ei lagune ein ikkje kan sjå frå sjøen. Nord for Røyrasundet viste Eldar oss ei slik lagune. Der inne blei det litt leik og tull, før vi gjekk i land og tok matpause

Kaffi på kok…

Gruppebilde :-)

Resten av turen gjekk utan noko nevneverdig vidare i solskin og vårfølelsar innatt til “syden” der fleire av oss tok eit lite bad før vi slengde båtane på taket å reiste heim.

Tekst: Eldar Myrhol

Foto og bildetekst: Mildrid Flø

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 389 other followers