Arkiv | juni 2010

Aktivitetsleiarkurs på Varholmen

Denne helga har eg vore på aktivitetsleiarkurs på Varholmen. Det har vore ei helg med mykje bading, mykje tauing og enormt mykje læring! 

Aktivitetsleiarkurset skil seg ganske mykje frå dei tidlegare kursa eg har teke i våttkortstigen. Vi fekk absolutt ikkje presentert ei ferdig "oppskrift" på kva vi skal gjere i ulike situasjonar. Derimot gjorde vegleiar og assistenten sitt beste for å sette oss i vanskelige situasjonar, som vi sjølve måtte finne ei løysing på. Det har vore mykje krøll og tull med taueliner, utallige velt, og kjølstripa mi har virkelig fått kjørt seg i nærkontakt med rur og berg. Meir enn ein gong har eg følt det som at eg har virra rundt som ein hovudlaus kylling. 
Likevel har dette vore eit utrulig artig kurs! Eg har lært veldig mykje, og ikkje minst har eg fått opp augene for kva det inneber å ha ansvaret for ei gruppe under ulike forhold.
Det har vore mykje pes, men litt tøys og moro har det også blitt tid til!

Har du nokon gong tenkt over kva det inneber å padle ein kajakk utan framskott, dersom cocpit blir fyllt med vatn? Eg har tenkt på dette, og i helga fekk eg testa det. Vi fyllte cocpit og luka framme med vatn, og resultatet ser du ovanfor. Kva som kunne skjedd dersom kajakken heller ikkje hadde hatt eit tett skott bak, kan du sikkert førestille deg. Det er med andre ord ikkje kva som helst slags kajakk du bør legge til havs med.

Ei av oppgåvene vi fekk under kurset, var å lage eit kort opplegg for deltakarane på teknikkurset, som også gjekk føre seg på Varholmen i helga. Det var oppvarming, ei teknikkøkt og til slutt litt leik og moro, med leikar som utfordra balansen. Her er det Are som gjer eit hederlig forsøk på å rulle kajakken 360 grader rundt, under seg, utan sjølv å havne i sjøen. Det var ikkje ei enkel oppgåve, men innsatsen var det ingenting å utsetje på!
No er eg altså Aktivitetsleiar Hav, og kan halde intro- og grunnkurs i Våttkortstigen. Før det blir aktuellt, har eg lyst å bli med som observatør eller assistent på nokre kurs med flinke og erfarne vegleiarar. Eg har lært mykje denne helga, men har utvilsom meir å lære!

Våt kveldstur

Etter turen på tysdag, der gutane til Elin fekk prøve kajakk for første gong, ante det meg at det ikkje ville bli siste turen deira. Det fekk eg rett i! I dag vart det nemlig tur igjen. Også i kveld la vi turen til Eggesbønesstraumen, sidan vi der har lett tilgong på klubben sine kajakkar.

Det regna ganske tett innimellom, men det såg ikkje ut til å leggje nokon dempar på stemninga.

Gøy å padle seg fast i tangen. Kjem vi oss lause igjen, skal tru?

Pause måtte vi også ha.

Trygve trenar svingteknikk. Han begynner å bli ganske flink!  :-)

Sjølv om Straumen ikkje er store området, klarte vi å vere på tur i nesten 4 timar. Vi padla også ein tur under brua, bortover mot Flusund.

Eit naust som nok har sett sine beste dager….

Tauelinene kom godt med i dag også, men ungane blir stadig flinkare til å padle. I morgon skal vi hente ny kajakk til Trygve. Den blir spennande å få prøve :-)

Herøy dykkerklubb testar padling

Tirsdag den 22. juni var sentrale delar av Herøy dykkerklubb og Herøy kajakk klubb samla på ein viss terasse på nedre Hjelmeseth, det heile resulterte i ein kjempeflotte tur i straumen som virkelig gav meirsmak til dei som var så heldige at dei kunne bli med.

Dette var forhåpentlig vis starten på eit tettare sammarbeid mellom Herøy kajakk klubb og Herøy dykkerklubb. Sidan det begge er klubbar med forkjerlighet til havet og vakker natur, er det mulig dette blir eit godt sammarbeid.

Straumen

Sidan vi hadde ein så flott tur i går, frista det veldig å padle i dag også. Dessutan har vi ferie, og då kunne vi ikkje finne nokon god grunn til å la vere. Elin hadde med seg gutane sine, Daniel og Elias, på padletur i dag. Dei har aldri padla kajakk før, så dei var ganske spente, både gutane og mora.


Tor Inge blei også med på tur i dag. Vi la ut frå småbåthavna rett nedanfor huset hans, for å ta ein padletur i Straumen. 


Elias var raskt på vatnet, og fann seg straks tilrette i kajakken. Ikkje lenge etter var også Daniel på plass.

Straumen er ein veldig grei plass å prøve seg i kajakk for første gong. Der er skjerma for ver og vind, og ein er aldri langt frå land.
Trygve har vore med ein del gonger no, og har etterkvart forstått at vi har litt sansen for å padle på "uframkomelege" stadar. Vi hadde egentlig ikkje tenkt oss gjennom denne vegen, men når Trygve annonserte at der var eit hol i gjerdet, måtte sjølvsagt Eldar teste om det gjekk an å kome gjennom.

Trygve padla like etter i fin "limbo-stil".

Pause måtte vi også ha, og vi kosa oss med mykje god niste.

På ein av holmane i Straumen ligg eit gamalt falleferdig hus. Det ser nesten ut som eit spøkelseshus.

Trygve og Elias er ikkje spor redd for spøkelser, så dei gjekk i land for å undersøkje litt.

Når dei to gutane skulle ombord i kajakkane igjen, tok Elias sin kajakk overbalanse  så han datt i sjøen. Det tok han med knusande ro. Trygve tok jobben med å tøme kajakken mens Elias fekk av seg litt våte klede.

Etter at Elias var komen i kajakken igjen, la vi kursen tilbake til utgangspunktet. Dei tre gutane fekk litt drahjelp frå kvar si slepeline. Trass i våte klede og litt trøtte armer, var det ingen sure miner. Det er nok ikkje siste gongen desse blir med på kajakktur.  

Ein veldig kort langtur

I dag hadde vi planer om å padle ut frå Osnessanden, men når vi kom dit ned bles det såpass mykje at vi bestemte oss for å padle frå Blikkvågen i staden. Det bles i Blikkvågen også, men ikkje meir enn vi kunne tåle.

Med på turen i dag var Eldar, Elin, Trygve og eg.


Med ein 7-åring på slep kan vi ikkje legge opp til nokon langtur. Vi padla til Dimna sørpynt og kryssa Røyrasundet bort til holmane på andre sida.
På ein av holmane der, gjekk vi i land til det som skulle bli ei laaang og god pause. (Legg merke til vannstanden på bildet når vi gjekk i land….)
I pausa kosa vi oss med mykje god mat og prat.

Måsen fekk også ta del i etargildet.

Sjølv om tida og timane gjekk, var det ikkje antydning til mas om å ville heim. Trygve kosa seg og leita etter skjell og kråkeboller.

Ingen veit sikkert kor lang pausa var, men når vi endelig pakka i båtane igjen var det snart flo sjø.
Sjølv om Trygve er veldig flink å padle sjølv innimellom, var tauelina god å ha også i dag. Eg for min del har ikkje vondt av litt tauetrening før aktivitetsleiarkurset neste helg, så egentlig er det ein vinn-vinn-situasjon ;-)

På returen til Blikkvågen valde vi å padle gjennom sundet mellom Flatøya og Skreddarholmen. Eldar hadde seg ein prat med dei "fastbuande" på Skreddarholmen, før vi padla bort til nokon som hadde slått opp eit telt litt lenger borte på holmen.
Dette viste seg å vere ein kjenning av Eldar, som var på telttur i lag med dottera si. Då vi blei inviterte i land på ostesmørbrød, tok vi likegodt pause nummer to for turen.
Når vi endelig retta baugen mot Blikkvågen igjen var det blitt seint på kveld. Då hadde vi padla ca. 6,5 kilometer og vore på tur i nesten 11 timer!
Vi har med andre ord kosa oss meir enn vi har padla i dag :-)


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 389 other followers