Klubbtur i Kjeldsund
I dag hadde HKK klubbtur i Kjeldsund.
Veret var grått og det striregna, men likevel møtte heile 12 medlemar, klare til tur. Både Yr og Storm hadde gitt oss løfte om lettare ver utover dagen, så vi la avgårde med godt mot, og mykje god niste under lukene.
Det var flo sjø i starten av turen, og det gjorde det "padlbart" på stadar som ofte ligg tørrt. I dette sundet kunne vi sjå tang og strandnellik side om side, under vatn!
Trygve klarte å gå rundt med kajakken sin i dag igjen, så Eldar og eg måtte til med redning. Eg har ikkje fått montert dekkslinene på kajakken hans enda, og det må eg snart få gjort viss dette skal bli ein vane.
Sidan det var flo og det dermed gjekk an å padle inn i laguna i dag, tok vi pausa der.
I dag blei Bryndis også med på padletur. Det er lenge sidan sist, men ho hadde god kontroll på kajakken. Mot slutten var ho likevel ganske sliten, og då var det greitt å få litt slepehjelp av ein komane aktivitetsleiar.



Devold
Herøy Næringsforum