Posted in juli 2010

So long, and thanks for all the fish

is the message left by the dolphins when they departed Planet Earth just before it was demolished to make way for a hyperspatial express route.

Men eg håper at delfinen i Ulsteinvik, ikkje he same utspekulerte planene som dei i “The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy”

Delfinsafari er uansett noko som tydeligvis ikkje går av moten i HKK. I denne uka har det vert fleire turar ut for å helse på Delfinen i Ulsteinvik. Å han skuffar ikkje. Legg i med eit spektakulært show kvar gong vi er der. Sist vart det litt bading også ilag med delfinen. Men det var vist med ein virkelig blanda følelse, både gøy og litt skummelt. For han kom mot dei badande med sann ei fart at ein måtte nesten sprelle litt for å jage den.

På turen i går va der også med folk fra New Zealand og USA. Kjekt med besøk frå andre sida av jorda!

Meir bilde kan beskuast i albumet. Det kjem sikkert ein video til i HD om litt.

 

 

Add to FaceBook

Kveldstur til Rundebranden

I dag var det tur til Rundebranden som sto på plakaten. Etter en sommar med litt vel mykje dritvær he det ikkje blitt so monge turar til branden som vi hadde ønskt. Men i helga var det meldt kanonvær! Derfor tok vi sjangsen på ein tur. Men det var endå litt stor sjø der ute, derfor var det igrunn greit at vi blei kun en lite gjeng med sprekinga.

P7250032

P7250039Vi satt ut ved steinbråtet i 2100 tida. Å vår kjære leikespott “tjokkeleste” like ved. Å der fikk vi jammen smake på litt surf også. Men vi konne ikkje dille forlenge der, slik vi rakk det fine lyset i Rundebranden

Sjøen i kveld var litt for stor til å snirkle oss helt opp i land, men det var jo enkelte plassa vi fikk leika oss litt i draget og bølgene.

P7250042

Spesielt artig var det å ta turen innimellom klippa i den blå lagune. Turen mot Rundebranden var ein rein fryd. Blandt lundefugl og ein fantastisk solnedgang. Over lundeura sirkla også to store ørner, som begynte å småslåst litt. P7250063

På toppen ta fjelle sto der tett i tett med turistar, og lurte sikkert på ka i alle dage vi tollingene gjor so nært land i dei dønningane…hehe

Men brått der roper Christian å sa han såg ein steinbit inn med land! Men det viste seg at det var kjeften til ein sel han såg i mellom bølgene. Eg fikk kun sett hauda hass før han forsvant.

P7250106

Framme med grottene konne vi konstatere med at det iallefall ikkje blei noka utforsking av dei i dag. Sjøen va ganske stor med dønninga på 1-2m som kom rullandes inn frå storhavet. Og ved grottene var det litt vel for å ferdast trygt.

Men solnedgongen var jo vert turen i seg sjøl.

På tilbake veien kom vi over eit tjokt skombelte. Det va vi einige om va stas.

P7250119

P7250123

 

 

Det er iallefall ikkje tvil i at Runde er ein fortreffelig plass å padle, sjøl om ikkje det blir grotte padling og snirkling tett oppunder land.

 

 

 

Tekst og Foto: Tor Inge Warholm

Støtt HKK med grasrotanndelen

grasrot

Tippar du mykje?

Ønsker du å støtte Herøy kajakk klubb?

Registrer tippekortet ditt på HKK tips andre om å registrere sitt kort. Ved å registrere tippekortet på HKK, går 5% av det du spelar for uavkorta til HKK.

Vervebrev for Grasrotanndelen til HKK finn du på linken under.

Meir delfinsafari…

Det var mange som følte dei hadde gått glipp av noko når dei fekk høyre om turen vi hadde hatt på laurdag. I kveld bar det difor på delfinsafari igjen! Det tok si tid før delfinen dukka opp, og vi lurte ei stund på om han var reist igjen, men vi fann han til slutt.

 

Med stort og smått var vi 14 som tok turen på fjorden i kveld.

Sommarsamling på Warholmen 2010

Varholmen sommertreff 2010

Sidan før Herøy Kajakk Klubb blei offisielt stifta, arrangerte Tor Inge Warholm sommar samling på Varholmen. Ein litne værutsatt holme, ytterstute på Flåvær. Gjennom NPF sitt stadig voksande padleforum samla det seg entusiastiske padlarar frå nært og fjernt. Smalinga fekk internasjonal omtale og dermed var grunnen lagt for framtida. Sidan den gong har klubben vokse. Vi har fått tre nyutdanna aktivitetsleiarar og etter denne helga to nye. Medlemsmassen aukar kvart år og vi var på nytt klar for å fylle Warholmen med padleglede.

Herøy Kajakk Klubb starta planlegginga av samlinga og fekk raskt respons frå NPF. Dei ville arrangere fleire kurs på samlinga. Og ikkje lenge etter dukka det opp to store namn på instruktør lista. Dag Roland ville arrangere aktivitetsleiarkurs og Torbjørn Nordeide ville halde teknikkurs. Dette var det mange i og utafor klubben som gleda seg over. Nett desse to var med på å utdanne bautaane i HKK. Dermed kunne klubben vår skilte med kvalitets kurs, sosialt samvær og muligheita for umåteleg vakker vestlands natur. Fleire medlemar stilte seg disponible som hjelpe instruktørar og turleiarar. Planen var i hovudsak å imitere tidligare suksess. Lite fastspikra og mange muligheiter som:

  • Lavterskeltur til den vakre Herøy Gard. Eit ynda naturområde med ein godt bevart middelalder gard, kystmuseum, utesene til vikingspelet ”Herøyspelet” og mange små holmar som ligg fint skjerma for storhavet. Dette er eit av våra stolte destinasjonar for tilreisande.
  • Ein Rock and Roll tur til Hids-fest-i-dalen for dei som ikkje er sletne av dagen. Dette er ein ung festival som blir arrangert for 2. året på rad. Oppe i ein dal, der ingen skolle tru rocken kunne herje. Ei muligheit for dei som ikkje skulle på kurs.
  • Rullekurs var også på planen for mulige utfordringa til deltakarane.

HerøyGard sommertreff 2010

Fredagen starta, om ikkje heilt perfekt, med litt trollsk tåke liggande lavt rundt dei mektige fjella. Ein kunne skimte storhavet langt der ute, og alle håpte sola ville trengje seg fram. Vi var dessutan så opptekne med å organisere telt å anna bueiningar, att naturen fekk vente. Ikkje so mange møtte opp denne kvelden grunna arbeid og diverse logistiske utfordringa. Kursstart blei haldt neste morgon på Moltu, so flesteparten ville møte oss der. Ein gjeng frå Molde kom seg derimot heilt fram og fekk båttransport ut, men nokon av dei vart freista av området å sat seg helder i kajakken. HKKs leiar hadde fått med ei kasse med fersk laks (tusen takk Marine Harvest) og den skulle testgrillast. Der satt vi då, ytterstute på ein liten holme. Tåka hadde vår herre gjort av med, og grillmaten kunne nytast som hør og bør med knitring frå bål. Store smil såg ein i alle himmelretningar. Ja, no var samlinga offisielt satt.

Før fuglen kvitra, aula det med padlehungrige skjele både på Varholmen og på Moltu. Folk pakka i kajakkane, henta effektar og organiserte båttransport. Dagen starta med lettskya himmel og litt regn. Med andre ord ein heilt typisk sunnmørsmorgon. På Moltu hadde instruktørane kome og sette i gong dagens program. Ute på Warholmen organiserte Tor Inge turen til Herøy Gard som blei kjempe godt mottatt av samlingas deltakara. Dei påfølgande timane kan eg dessverre ikkje røpe. Dels grunna taushetsplikt og dels grunne for lite ordforråd. Ein må nesten oppleve slike dagar på eiga hand. Ikkje noko anna som er rettferdig overfor vårt kjære Herøy. Men eg kan no ikkje laver å henge ved nokon stikkort:

Lettskya lyseblå himmel. Ikkje for varmt, ikkje for kaldt men akkurat perfekt. Roleg hav med små late dønningar ut mot storhavet. Små skjer blir vaska om å om igjen av små bølgje. Kajakkar som sig fram mellom skjer, holma å urørt natur. Det heile omkransa av sunnmørsfjella og storhavet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Er det noko Herøy kan so er det å vise seg frå sitt beste når tida er inne. Ein må bære trosse litt regn å anna rusk i uransaklege tide før det glimtar til med postkort-motiv i alle retningar ein snur hovudet. Det er på slike dagar eg løftar haka og tek inn alt det guds vakre natur har å by på. For ein må vær rask, på rett stad til rett tid, før det plutselig er over. Det er dette som gjer dei fine dagane i Herøy til rusmiddel for alle friluftselskarar.

Etter ein longe dag i kajakken er det som å ta av seg slalåmsko. Ein er litt støl og sliten med eit stort smil om munnen. Dette kunne vi beskue på samtlige av dei som kom i land på Warholmen. Folk myldra og fortalte om alle opplevingane dagen hadde gitt. Fleire hadde sin første tur i kajakk og andre sin beste naturoppleving. Ei stor gruppe hadde lært mykje nytt om kajakken, padleferdigheiter og gruppekontroll. Eg kan vel med handa på hjarte sei dette var ein meget vellukka sommardag i Herøy.

Og som kvelden før diska Herøy Kajakk Klubb opp med grilla laks, godt selskap og mykje padlesnakk. Dagens erfaringar blei delte og forventningane til neste dag vaks.

Søndagen starta på lik linje med laurdagen. Ein rolig sval morgon, litt skyer og med opning for sola her og der. Undertegnede måtte finne fram solkremen. Sjølv om sola ikkje skein frå skyfri himmel dagen før, hadde den fått virke på huda. Raud som ein nykokt hummar var vist fleire av oss. Enda ein herlig dag i kajakken venta. Herøy er mitt draumeland. Den finaste og mest ekstreme plassen du kan tenkje deg. Håpar eg møter deg på neste samling HKK arrangerar her ytterstute på Sunnmøre.

 

Christer Torvik

Nestleiar Herøy Kajakk Klubb

www.visitfosnavaag.no

www.heroykystmuseum.no

www.heroy.kommune.no

flickr album