Arkiv | juli 2010

Vi speida etter delfinen ei god stund, utan at vi kunne sjå noko til den. Plutselig ropte Trygve at delfinen var ved kajakken hans! Eg trudde først at han tulla, men der var den altså, heilt inntil båten.
Og letta gjorde det!
Etter at Dragsundet var passert og vi hadde baugen retta mot Myrvågneset, skein det av og vart sommar!
Vi padla vidare innimellom holmane bortover mot Kristofferholmen, der vi tenkte å ta ei lita ilandstigning i det fine veret. Etter at alle ni i følget hadde kome seg på land, tok det til å regne igjen….
Like fort som sommaren kom, var han borte igjen, og skodda kom mot oss som ein grå vegg. Vi bestemte oss difor for å legge kursen direkte mot Kvitøya, der vi skulle slå leir for natta.
Ved ilandstigninga på Kvitøya, hadde den tjukkaste skodda letta.
Trollsk
Kvelden heldt fram i same stil, med veksling mellom godvêr og høljeregn. Det la likevel ingen dempar på stemninga, og vi kosa oss med god mat og godt selskap.
Etter ei god natt med tromming på teltduken, vakna vi til ein strålande dag!
Vi laga god frukost, før vi pakka i båtane og la utpå igjen.
Yes! Ein båt!
Trygve syns det var skikkelig kult å padle på hekkbølgene til dei få båtane som passerte.
Å padle tett inntil land er super teknikktrening…., og veldig gøy!
Pausa tok vi på Veøya.
…..med hopp frå kajakken
Då vi endelig var klare, ringde vi dei og avtalte kvar vi kunne møtast. Dei hadde alt padla ei god stund, og var klare for pause. Vi padla derfor bort til ein holme og tok lunsjpausa med ein gong. Trygve syns dette var ein god plan. Han syns absolutt at pausene er eit høgdepunkt under turen.
Godt med kjeks…
Kaffi på kok…
Baristakunst i sjøkanten. Trygve er ivrig lærling.
Delfinsafari
Dei siste dagane har ein gulflankedelfin halde til i fjorden ved Ulsteinvik. Vi valde difor å legge ut i kano og kajakk, og bruke laurdagskvelden til delfinsafari på fjorden.

Vi speida etter delfinen ei god stund, utan at vi kunne sjå noko til den. Plutselig ropte Trygve at delfinen var ved kajakken hans! Eg trudde først at han tulla, men der var den altså, heilt inntil båten.
Det er nærmast umulig å ta bilete av ein delfin, med mitt aldrande digitalkamera. Når kameraet endelig får tatt biletet, er delfinen vekk, og alt som er att, er ringane i vatnet. Eg valde difor å filme i staden. Kvaliteten er så som så, men her er filmen:

Vi fekk ein fantastisk kveld, som blei kruna med ein nydelig solnedgang!
"Det fins ikkje dårlig vêr…."
På ein tur for litt sidan, kom det på tale at vi skulle prøvd å fått til ein klubbtur med overnatting snart. Det er ikkje lett å få slikt til å passe for alle som vil vere med, men vi klarte å finne eit par dagar som sto ledige på kalenderen til dei ivrigaste av oss. Når tida nærma seg, såg det i følge yr og storm ikkje ut til at vi skulle få særlig klaff med vêret, men på tur skulle vi, uansett!
Mens vi pakka i kajakkane på Kjeldsund, plaska regnet ned, og når vi endelig var klare for å legge utpå, toppa det seg med lyn og buldrande tordenskrall. Vi lurte nok ein augneblink på om vi burde "snu i tide", men la i veg med friskt mot og klokketru på at vêret ville lette etterkvart.
Og letta gjorde det!
Etter at Dragsundet var passert og vi hadde baugen retta mot Myrvågneset, skein det av og vart sommar!
Vi padla vidare innimellom holmane bortover mot Kristofferholmen, der vi tenkte å ta ei lita ilandstigning i det fine veret. Etter at alle ni i følget hadde kome seg på land, tok det til å regne igjen….
Like fort som sommaren kom, var han borte igjen, og skodda kom mot oss som ein grå vegg. Vi bestemte oss difor for å legge kursen direkte mot Kvitøya, der vi skulle slå leir for natta.
Ved ilandstigninga på Kvitøya, hadde den tjukkaste skodda letta.
Trollsk
Kvelden heldt fram i same stil, med veksling mellom godvêr og høljeregn. Det la likevel ingen dempar på stemninga, og vi kosa oss med god mat og godt selskap.

Med tørr, medbrakt ved, blei det skikkelig leirbål også!

Etter at ungane hadde teke kvelden, kosa vi vaksne oss ved bålet til langt uti dei små timar….
Etter ei god natt med tromming på teltduken, vakna vi til ein strålande dag!
Vi laga god frukost, før vi pakka i båtane og la utpå igjen.
Yes! Ein båt!
Trygve syns det var skikkelig kult å padle på hekkbølgene til dei få båtane som passerte.
Å padle tett inntil land er super teknikktrening…., og veldig gøy!
Pausa tok vi på Veøya.
Undervegs i dag ropte Trygve til meg:
"Mamma! Velt, da!"
"Nei, ikkje no" svarte eg…
"Det er viktig å trene på det!" ropte han tilbake

Trygve er ikkje redd for å trene! På slutten av turen hadde han ei god økt….
…..med hopp frå kajakken
…..og klatring oppi igjen
Dette var første overnattingsturen vi har vore med på i klubbregi, men det blir ikkje den siste! Til tross for vekslande vêrtilhøve har vi kosa oss veldig. Det treng ikkje vere godvêr når ein er kledd for å tåle vatn, og det er vi sjølvsagt når vi padler kajakk.
Med på turen var gemalen og eg med våre tre barn. I tillegg var Eldar, Jan, Elin og Hege med.
Lunsj på eit svaberg…
Det blei ein kort tur i dag, men det er ikkje alltid distansen det kjem an på. Då eg las meldinga frå Elin om tur i dag, var oppmøtetidspunktet rett om hjørnet. Det er ikkje gjort på eit blunk å klargjere kajakker og utstyr når ein skal ha barn med på tur, så vi avtalte at Elin, Eldar og Christer berre skulle dra, og at vi skulle slå oss i lag med dei undervegs.
Då vi endelig var klare, ringde vi dei og avtalte kvar vi kunne møtast. Dei hadde alt padla ei god stund, og var klare for pause. Vi padla derfor bort til ein holme og tok lunsjpausa med ein gong. Trygve syns dette var ein god plan. Han syns absolutt at pausene er eit høgdepunkt under turen.
Trygve har fått ny håv, og jakta på maneter og kråkeboller frå strandkanten.
Godt med kjeks…
Kaffi på kok…
Baristakunst i sjøkanten. Trygve er ivrig lærling.


Devold
Herøy Næringsforum