Nyheite: Boktips

Hei padlevenar.

Vil med dette gi eit aldri så lite boktips i haustværet. Det omhandlar ei bok som teke føre seg det å ta med dei minste i familien på tur. ”Fjellbarna – Guiden til familiefriluftsliv hele året” heiter boka som Eivind Eidslott har skreve. Sidan eg har registrert fleire aktive familiar i klubben vår, syntes eg denne boka var vert å nemne.

 

 

Boka inneheld underhaldande tekster om familien Eidslotts eige friluftsliv, tips og råd til ein rekke aktivitetar, intervju med andre friluftsfamiliar og egne kapitla om utstyr, førstehjelp, friluftsbarnehagar og Barnas Turlag. Med kunnskap og humor skildrar forfattaren både oppturar og nedturar – rikt illustrert av fotograf Jørn H. Moen og fleire andre dyktige friluftsfotografar. LINK

Fjellbarna er en inspirasjonskjelde for alle familiar som ønskjer å drive et aktivt friluftsliv. Ta med barn eller barnebarn på alt som er moro ute i naturen. Friluftsliv saman med barna er et eventyr som aldri tar slutt!

 

Om Christer

Leiar Herøy Kajakk Klubb Aktivitetsleiar hav Hjelpekorpsoldat
Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 389 other followers