Istid På Kjeldsund

Istid
I dag var vi 5 padlesjuke figurar som trossa regn og kulde å la ut på tur. Men på Kjeldsund var der berre istid å finne, men vi trossa isen å brøytte oss veg gjenom knasande vatn. Isbelte strekte seg nesten heilt til Budaneset så gjengen fekk jobbe før dei kunne gli lydlaust gjenom flatt hav å vinterens stillheit.

Tor Inge brøytar veg heilt til Budaneset
Sølv om størsteparten av oss låg i ferdigbrøytt rås så var det lite avslapning å sjå blant dei padlande figurane. For vi som kom etter måtte slå hål i isen for å få feste å framdrift. Men når vi endeleg hadde ope hav under kjølen kunne vi gli i fint driv langs land å gjere det vi likar best. Vi fylgde land å dreiv med teknikktrening i klassisk HKK stil, medan vi for der på rad å rekke så kunne vi ikkje unngå å tenke på at vi skal tilbake gjenom isen att. Men der var ein liten figur i ein raud liten båt som ikkje legg ut på tur utan å få ein kaffitår i kroppen før det er vendereis. Dermed var det rutinemessige strandhugget eit faktum, etter ei relativt kjølig kaffipause var gjengen nok ein gong å finne på vatnet.

Stien vi laga på vei ut var fortsatt tilstades
Vi slapp heldigvis å brøyte oss veg tilbake så turen innatt gjekk smertefritt føre seg for dei fleste av oss. Men ein av oss var så uheldig at han blei puffa ut i ubrøytt is slik at han måtte kjempe seg attende til råsa våra.


Devold
Herøy Næringsforum