Heilaften med HKK

I går var det duka for ein heilaften med HKK. Det heile starta med årsmøte klokka 18.00. Viss du tenkjer at det ikkje akkurat er noko å trakte etter ein fredagskveld, så må du tenkje på nytt. Årsmøtet var nemlig lagt til Restaurant Fosnavåg Brygge, der klubben spanderte nydelig gratinert klippfisk på dei frammøtte.

Etter dette tok Lidun, gjennom bilete og musikk, oss med på ein fantastisk padletur til Seychellene. Ho var der i januar, og eg trur dei fleste frammøtte kunne tenke seg ein slik tur etter denne smaksprøva. Dei meir ordinære årsmøtesakene blei gjennomgått relativt raskt, og vi avslutta møtet i ni-tida.

Men kvelden var ikkje slutt med det! For åtte av medlemmene bar det i bassenget for å rulle kajakk. Denne gongen var det berre rullekyndige som blei med, og det blei mykje rulling. Teknikkar blei utveksla og finpussa. Eld har laga ein video, som oppsummerer avsluttninga på ein super heilaften med HKK.

Tekst saksa frå: http://lillesorte.net/ Mildrid

Bevegelege bilete: Eldar

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 389 other followers