Alt for mykje fritid

Når man har altformykje fritid ein sumarsdag så må man vel berre ta seg ein tur på det blå.

Tidspunktet seie Torsdag 30.06 kl 14:00, ein gjeng med padlarar frå HKK befinn seg på Eiksund småbåthavn. Dei driv å lastar og klargjer kajakkane sin for ein tur rundt Eika. Egentlig burde himmelen våre blå med ein slik stor gul flekk som varmar, men det einaste blå vi kan sjå er havet å den gule flekken stig fram i form av ein Valley Nordkapp PE. Men det er greit det, kven har sagt at ein må ha finvær for å nyte ein padletur?

Skydekket er lågt, tungt og grått i det 7 kajakkar i forskjellige former og fargar sig stille ut mot yttersida av Eika. Planen er å runde denne pærla av ei øy. Når vi er på tur blir det ein del snirkling og teknikktrening langs land å dagen i dag er ikkje noko untak, sjøen på yttersia av Eika er som alltid litt rotete og står som den ofte gjer rett mot Eika. Vi får då utfolde oss med minisurfar på kvart eit nes og mykje hengetakøving for å unngå dei værste bernabbane og steinane. desverre ei bølgene mindre enn vanleg men fortsatt stor nok til at vi for leika oss ein grand.

Når kjem fram mot Yksnøya bestemmer vi oss for å krysse over å sjekke om bølgene er større på utsida av den øya, Men noko slukøra må vi innsjå at vi tok kraftig feil. Men det ødlegg fint lite av ein fin tur så gjengen øvar teknikk heilt fram til landingsstaden vår på Yksnøya. etter eit bedre måltid av forskjellig art kryssar vi fjorden nok ein gong og finn oss sjølv attende langs land på Eika. uheldigvis har fjøra komt snikandes så snarvegen gjennom sunda uteblir til ei viss grad. Vi tvingar nemleg skutene våre gjennom eit tidevassbasseng med mann og mus og med gelcoat til innsats. Vel over siktar vi oss inn på neste basseng for div. balansetrening, reddnigar og anna tull som ein kan finne på med ein slik farkost. Når vi startar på siste bit attende til Eiksund nærmar klokka seg 19:00 med andre ord så har HKK nok ein gong klart å kaste vekk store delar av dagen i kajakkane sine, men er det ikkje slik vi likar det då?

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 389 other followers