Arkiv etter forfattar |

God Jul og eit gledelig godt nyttår!

2011 som alle tiligare år, går inn som eit framgangsrikt og utviklande år for ein ung klubb med ambisjonar. Det ser faktisk ut som vi kan fortsette på denne stigande kurva i 2012. I skrivand stund fikk vi nettopp beskjed fra Gjensidigestiftelsen at vi har fått invilga ei fantastisk flott julegave! Julegava består av midlar til innkjøp av dobbelkajakkar til vår vidare satsing, og spesielt då padling med barn og personar med funksjonshemmingar. Tillegg til polosatsinga som alt er i gang, håpar vi på eit fantasifult og konstruktivt år

Vi takkar Gjensidigestiftelsen for denne flotte julegava og vil med dette ønske alle våre medlemmer ei riktig god jul!

Julebord 19.nov 2011

Julebord i lite krevende forhold.
Ingen krav til redningsvest, men selvberging  kan påkreves utover kvelden

Les meir …

På’n igjen med bassengtreningar

Då er vintersesongen framfor oss, og vi har starta opp med bassengtreningar kvar laurdag kl 1930

Avgifta på treningane er 25kr pr gang

På treningane brukar vi polokajakkar, sidan dei tar opp mindre plass i eit lite basseng, Dersom du ønsker å ta med egen kajakk er du velkommen til det, men kajakken må spyles/vaskes ved inngangen til bassenget

Skandinavia rundt-padlar held foredrag i Fosnavåg

I morgon, laurdag kjem Erik B. Jørgensen innom Fosnavåg med sin kajakk. Han er på veg rundt Skandinavia, og vil stoppe for å halde foredrag.

Mer om turen til Erik, kan dere lese i hans blogg

– Skandinavia rundt i kajakk er ein tur frå grensa mellom Russland og Noreg ved Jacobselv, der eg vil ro langs kystane av Noreg, Sverige og Finland og slutte ved grensa mellom Finland og Russland. Turen strekkjer seg over eit halvt år og mellom 7.200 til 7.400 km, skriv han i bloggen sin.

Erik B. Jørgensen som padlar rundt Skandinavia, padlar forbi Fosnavåg på laurdag. I morgon, Laurdag kl 1400 held han foredrag i lokala til Rederiparken på taket av Meny Fosnavåg. Han vil fortelje om sin tur rundt Danmark i fjor vinter, som var den kaldaste vinteren på 23 år i Danmark, og Skandinavia rundt-turen så langt. Ved interesse vil han også snakke om si kryssing av Grønland "Thule til Thule "– i Knud Rasmussen sine fotspor.

Dette blir ei unik moglegheit til å treffe ein som verkeleg tør og leve sine draumar om lange ekspedisjonar og unike turar.

Etterpå held han fram turen sørover, der dei som vil kan slå følgje frå Fosnavåg og utover mot Varholmen. Erik padlar deretter til Kvamsøya, og får seg litt søvn der, før passeringa av Stadt på søndag.

Saksa frå Herøynytt.

Om dykk brukar facebook, gje gjerne beskjed på denne sida om dykk kjem.

Padleleiren i Sunnmørsposten

Christer Torvik er leder i Herøy Kajakk Klubb og anbefaler samlinga i pinsa på det varmeste.

Borgarøya i Ulstein kommune blir møtestedet for ei stor samling i regi av Norges Padleforbund (NPF) i pinsa. Herøy Kajakk Klubb er teknisk arrangør.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 389 other followers