Arkiv | Bassengtrening RSS for denne seksjonen

Bassengtrening med Friluftsforeninga i Volda

bassengtrening Volda 28.05

Eg tok turen til Volda og Friluftsforeninga denne laurdagen. Stort oppmøte å to grupper i bassenget =) KJEMPE KJEKT!

 

Det blei mykje øving på redningsteknikkar og et par som lukta på rulla. Alle kom med god tilbakemelding og kanskje det bli gjentatt…..

Bassengtrening avsluttast

No er somaren komen! (eller iallefall høgsessongen for havpadling) Bassengtrening blir då avviklet.

Bassengtrening kan evt organiserast ved behov, dersom der er ein god liten gjeng som vil delta. Til samme tidspunkt.

Bassengtreninga vil ta til igjen til vinteren

Mvh
Tor Inge Warholm og Eldar Myrhol
på vegne av Styret HKK

Baklengs sveiperulle

Her er ein liten snutt frå treninga i går kveld:

Det er lenge sidan eg trente inn ei ny rulle no. Det har vore så mange nye som har møtt i det siste, at treningane for det meste har gått med til nybegynneropplæring. I gårkveld derimot, var det berre "gamle travarar" som møtte. Eg hadde ikkje studert noko ny rulle på førehand, men ein av dei andre hadde ei han heldt på å trene på, så han forklarte den for meg. Han visste ikkje kva rulla heitte, men etter å ha sett litt på videoklipp, har eg kome fram til at det må vere ei baklengs sveiperulle.

Fekk til rulla på eit vis, men følte eg plundra litt med å få åra på plass før sveipen. Ser på videoklippet av Turner Wilson, at han ligg meir bakover på dekk i det han går rundt. Det vil nok gi ein betre utgangsposisjon for sveipen, enn den posisjonen eg hadde. Det blir arbeidoppgåva til neste trening :-)

 

Tekst og video: Mildrid Flø

Rullekodeknusing

På rulletreninga fredag kveld, rulla eg ikkje ei einaste rulle. Eg satt faktisk ikkje oppi kajakken ein gong! Grunnen til det, er at eldste dotter mi ville lære å rulle kajakk, og la beslag på båten min heile kvelden. Korleis det gjekk, kan du sjå på denne videoen.

 

Tekst: Mildrid Flø

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 389 other followers