Nattrulling
På fredag blei det nattrulling for den harde kjerne i Herøy kajakklubb. På grunn av vinterferien hadde bassenget utvida opningstid, og vi fekk først sleppe til klokka 22.00. Denne kvelden/natta konsentrerte eg meg om handrulla. Må nok finslipe teknikken litt, for det er langt frå alltid at rulla fungerer. Men øving gjer meister!
Tekst: Mildrid Flø
Bassengtrening 5. feb. 2010
Sist fredag laga vi ein liten video som oppsumerte litt kvelden.
So om du kan sette av 9min til litt inspirereande rulling og leik ta en titt på videoen.
Kos dere
Fyrst er det Daniel som rullar for første gang
Han synst merkelig nok static brace var en enkel sak.
Då blei det et flott utgangspunkt til å trene inn hoftevrikken til rulla, som ikkje låg longt inne
So e det Millie som oppsumera litt ferdigheitene som ho har trent inn siste månaden
Kan jo kansje ha ei konkuranse her: Nevn rullene Millie tek i rett rekkefølge! Svar i kommentarfeltet.
etterfylt av Jon Oli som også he blitt veldig stødig på rulla siste månaden.
Og sist ei lita økt der son til Millie meinte ho ikkje hadde rulla nok
Gøy med Greenland
Nytt forsøk på Spineroll i går kveld, og no gjekk alt mykje betre! Dette er ei artig rulle, som eg skal øve meir på.
Daniel var på rulletrening for andre gong i går, og med litt vegleiing fekk han sveiperulla på plass. Eg syns det er utrulig kjekt at stadig fleire i klubben knekkjer rullekoda. Det er slettes ikkje så vanskelig som ein skulle tru!
Vi er etterkvart blitt ein ganske bra gjeng i bassenget på fredagane. Fantastisk moro!
Tekst: Mildrid Flø
Bratt læringskurve!
I går kveld bar det til Herøy Fritidsbad på rulletrening igjen! Er blitt ganske hekta på å rulle kajakk, så fredagen blir ikkje heilt den same uten
Trena meir på stormrulla i går, og syns den begynner å sitte ganske bra! Er i grunnen litt rart å tenke på, at det ikkje eingong er 2 månader sidan eg var på rulletrening første gongen. Eg hadde forhåpninger om at eg skulle klare å lære eskimorulle, men må innrøme at det har gått over all forventning!
Meir rull og tull!
I går kveld var det duka for meir rull og tull på Herøy fritidsbad. Tre båter blei sjøsette i bassenget: Min Greenland, Jon Oli sin Aquanaut og Eldar sin Dex.
Hadde planer om å trene på stormrulla, og studerte den grundig på videoklipp på førehand. Utfordringa med stormrulla er at den er framoverlent, mens dei andre rullene eg kan er bakoverlent. Sjølv om hovudet veit kva eg skal gjere, stritter kroppen imot, og vil legge seg bakover! Eg fekk til noko som likna stormrulle eit par gonger, men dette må øvast meir på.
Ellers fekk eg prøvd meg litt som rulleinstuktør i går
. Daniel var med for første gong, og eg ville prøve å hjelpe han i gong. Ei rulle er ein ganske kompleks bevegelse, som for ein fersk ruller som meg, ikkje er lett å formidle. Likevel syns eg vi kom godt i gong i går. Rulla fekk han ikkje til, men i staden blei han i løpet av kvelden ein kløpper på static brace! Han låg og flaut i rett vinkel ut frå kajakken, tildels under vatn, og klarte gong på gong å rulle seg oppigjen på kjølen. Den mykje omtala "hoftevrikken" er med andre ord på plass. Med litt instruktørassistanse frå ein av klubben sine meir erfarne rullere, trur eg at Daniel har rulla på plass på neste trening.
Mot slutten av treninga blei eg utfordra til å prøve meg på shotgun-rulle. Etter ei kjapp innføring, og litt hjelp til å legge åra rett, satt rulla som eit skudd! Kul rulle, som eg skal øve meir på!
Tekst: Mildrid Flø


Devold
Herøy Næringsforum