Arkiv | info RSS for denne seksjonen

South Georgia 2010

logo

Kom over en interessant artikkel i Sunnmørsposten, her om dagen. Som aktiv padlar er det ikkje fritt for en vis fasinasjon av ekspedisjonar folk legg ut på i kajakk. Om kremen i Herøy Kajakk Klubb nokon gon kjem seg ut på langtur, vil kunn tida vise. Planar og lyst skal det nok ikkje stå på. Så kanskje dette innlegget er litt bensin på bålet til dei ekspedisjons lystne…

Det eg skulle fortelje om er en gjeng som skal padle rundt Syd Georgia på 20 daga. Dei skal etter planen vere sjølvforsynte på reisa, men må ha med følgjebåt. Dette er eit krav frå dei Britiske styresmaktene og gir deltakarane ei trygging på turen. Når båten likevel må følge med, har dei også fått med ein kameramann som skal lage ein dokumentarfilm om turen. Og for dei som ikkje vil vente på filmen, har ekspedisjonen sin eigen blogg på internett der ein kan følgje med undervegs.

LINK

Dei 4 som legger ut på denne nokså ekstreme turen er vanlege familiefolk. Dei har varierte padle kunnskapar men godt førebudde. Sigrid Henjum har god padle erfaring sidan ho er padle instruktør. Tormod Austring kjem frå det militære og har brukt dei siste 2åra på å lære seg å padle hav kajakk. Dag Marius Ammerud har også militær bakgrunn (uviss padleerfaring). Simen Havig-Gjelseth er ekspedisjons lear og i mine auge den som kan skilte med mykje padle erfaring, av dei 4. Han har utdanning som veileder hav i NPF. Utan tvil ein kompetent friluftsgjeng som reiser. Håper dei er heldige med vær og føre på ekspedisjonen. Eg kjem til å følgje med på bloggen deira…

header

SG2010 er godt i gong, det vil seie deltakarane er undervegs til Syd Georgia no. Dei reiste ut den 28. oktober og er i desse dagar i seglas frå Falklandsøyene til Grytviken der padlinga startar. Turen over tek omtrentleg 6 dagar. Og det er fyrst på Syd Georgia at deltakarane igjenforeinast med kajakkane som blir skipa over med Hurtigruta. Dei har reist heilt sidan april i år.

 

Frå Sunnmørsposten 02.11.2010:

Sigrid har sjølv fått erfare at naturen kan vere farleg. I juni omkom kjærasten hennar, Arne Moe, i ei klatreulukke i Molladalen i Ørsta. I intervjuet med Sunnmørsposten ønskjer ho ikkje å snakke om dette, sidan ho dagen før avreise ønskte å ha fokus på turen. Men i eit intervju med NRK Sogn og Fjordane fortel ho at ho er uroa for dei som ventar heime når ho legg ut på ein ekspedisjon i kamp med naturkrefter. Foreldra mine er redde for meg, men eg skal komme heim att. Eg veit korleis det er å miste den ein er glad i, seier Sigrid som bestemte seg for å bli glad igjen og gå vidare etter den tragiske ulukka.

LES MEIR OM DELTAKARANE HER

 

 

Ynskje dei alle ein GOD TUR og ser fram til spanande lesing…

Nyheite: Boktips

Hei padlevenar.

Vil med dette gi eit aldri så lite boktips i haustværet. Det omhandlar ei bok som teke føre seg det å ta med dei minste i familien på tur. ”Fjellbarna – Guiden til familiefriluftsliv hele året” heiter boka som Eivind Eidslott har skreve. Sidan eg har registrert fleire aktive familiar i klubben vår, syntes eg denne boka var vert å nemne.

 

 

Boka inneheld underhaldande tekster om familien Eidslotts eige friluftsliv, tips og råd til ein rekke aktivitetar, intervju med andre friluftsfamiliar og egne kapitla om utstyr, førstehjelp, friluftsbarnehagar og Barnas Turlag. Med kunnskap og humor skildrar forfattaren både oppturar og nedturar – rikt illustrert av fotograf Jørn H. Moen og fleire andre dyktige friluftsfotografar. LINK

Fjellbarna er en inspirasjonskjelde for alle familiar som ønskjer å drive et aktivt friluftsliv. Ta med barn eller barnebarn på alt som er moro ute i naturen. Friluftsliv saman med barna er et eventyr som aldri tar slutt!

 

Fjordens freistingar 27-29. august

Til helga inviterar Hotell Sagafjord til aktivitetshelg i Sæbø

For nermare info sjå PDF vedlegg, og Sagafjord Hotell sin heimesider

Prisen på introkurset som er nevndt er inkl leige av kajakk, har du egen kajakk er kurset kr 500,- Påmelding www.actin.no eller stein.magne@actin.no

Spre gjerne ryktet til andre som kan ver interesert i ei aktiv helg på Sæbø, med eller uten padling.

 

Add to FaceBookAdd to MySpaceAdd to Twitter

Støtt HKK med grasrotanndelen

grasrot

Tippar du mykje?

Ønsker du å støtte Herøy kajakk klubb?

Registrer tippekortet ditt på HKK tips andre om å registrere sitt kort. Ved å registrere tippekortet på HKK, går 5% av det du spelar for uavkorta til HKK.

Vervebrev for Grasrotanndelen til HKK finn du på linken under.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 389 other followers