Filed under Kurs

SUFH på Grunnkurs med HKK

I denne veka deltok 13 elevar frå Sunnmøre Folkehøgskule på grunnkurs med HKK. Det var eit usedvanlig energisk kurs over tre dagar, med ein sprek gjeng ungdommar.

Vi starta kurset på tirsdag på Osnessanden med ein tur til Spjutøya.På vei til Spjutøya trente vi på framdrift av kajakken og litt enkel styring, før vi tok lunsj når vi var vel framme. Etter lunsj vart det ei lita badeøkt, der vi prøvde på “Kiss the bow” stå i kajakken, kameratredninger med meir.

Onsadg skulle vi på tur, og det vart i fellesskap bestemt ein tur rundt Hatløya. På vei dit blei det litt repitasjon av litt styreteknikkar, bakoverpadling og sideveis forflytting. 

Vi rasta på nordsida av Hatløya. Men før vi begynte å grille tok vi oss en konkuranse. Så vi prøvde oss på ein stafett “K2 i K1”

Under rasten på Hatløya blei det grilling av pølser, pinnebrød , marsmellows, sjokladefylte bananar og baccalao på primus. Det kallar vi sjikkelig haust-turmat.

Etter rasten blei det meir leik, da prøvde vi oss på ein ny leik, som vi døypte Eventyr-leiken, Litt komplisert leik, men det blei mong en latter. Etter Eventyrleiken gikk turen tilbake til Osenessanden rundt Hatløya, mellom Borgarøya, med litt finpussing på teknikk.

Torsdagen var satt av til kun leik og redningar. Vi prøvde då “Snu på femøringen” kajakk rugby, cowboyredning, åreposeredning, kameratredning og eskimoredning.

Vi fikk også tid til ein nyutvikla tauestafett, som var ganske gøy.

Kjempekjekt å ha SUFH på kurs og håpar vi ser dykk alle igjen på sjøen.

Grunnkurs 4 – 5. sept.

Her er heile albumet frå grunnkurset ;)

Litt stemningsbilder fra dag en på grunnkurs

P9040229

P9040230

P9040238

P9040242

P9040244

P9040249

P9040250

Introkurs for Ulstein Group

P8240210

I dag var det introkurs for Ulstein Design & Solutions og Ulstein Power & Control som sto på agendaen. Ulstein verft har kjøpt inn kajakkar til velferdsklubben i bedrifta. Og for å nytte desse må dei ansatte gjennom min eit introkurs. Herøy kajakk klubb stiller gledelig opp for å kunne have kompetansen til dei ansatte.

Vi startet kurset på Osenessanden i eit meget behagelig padlevær denne tirsdagskvelden. Lett overskya og 16 – 17 grader er perfekt for padling. Ikkje for varmt og ikkje for kaldt.

Dei fleste på kurset var godt kledt for bading og for å sikre ei framtidig trygg padling for deltakarane blei det mykje bading og moro så snart vi kom fram til Ulsteinholmane.

P8240217 P8240218

Det var dyktige padlarar og etter litt instruksjon, kom flotte redningar som perler på ei snor. To av deltakarane fikk faktisk til “Kiss the bow” som er ein utfordrande balansekunst for ferske padlarar, der den eine også kom seg heilt tilbake til cockpiten etter den flotte balanseringa. Imponerande!

Ønsker alle deltakarane monge flotte turar i kajakken i tida som kjem

Mvh

Tor Inge Warholm

NPF Aktivitetsleiar

Add to FaceBookAdd to MySpaceAdd to Twitter

Sommarsamling på Warholmen 2010

Varholmen sommertreff 2010

Sidan før Herøy Kajakk Klubb blei offisielt stifta, arrangerte Tor Inge Warholm sommar samling på Varholmen. Ein litne værutsatt holme, ytterstute på Flåvær. Gjennom NPF sitt stadig voksande padleforum samla det seg entusiastiske padlarar frå nært og fjernt. Smalinga fekk internasjonal omtale og dermed var grunnen lagt for framtida. Sidan den gong har klubben vokse. Vi har fått tre nyutdanna aktivitetsleiarar og etter denne helga to nye. Medlemsmassen aukar kvart år og vi var på nytt klar for å fylle Warholmen med padleglede.

Herøy Kajakk Klubb starta planlegginga av samlinga og fekk raskt respons frå NPF. Dei ville arrangere fleire kurs på samlinga. Og ikkje lenge etter dukka det opp to store namn på instruktør lista. Dag Roland ville arrangere aktivitetsleiarkurs og Torbjørn Nordeide ville halde teknikkurs. Dette var det mange i og utafor klubben som gleda seg over. Nett desse to var med på å utdanne bautaane i HKK. Dermed kunne klubben vår skilte med kvalitets kurs, sosialt samvær og muligheita for umåteleg vakker vestlands natur. Fleire medlemar stilte seg disponible som hjelpe instruktørar og turleiarar. Planen var i hovudsak å imitere tidligare suksess. Lite fastspikra og mange muligheiter som:

  • Lavterskeltur til den vakre Herøy Gard. Eit ynda naturområde med ein godt bevart middelalder gard, kystmuseum, utesene til vikingspelet ”Herøyspelet” og mange små holmar som ligg fint skjerma for storhavet. Dette er eit av våra stolte destinasjonar for tilreisande.
  • Ein Rock and Roll tur til Hids-fest-i-dalen for dei som ikkje er sletne av dagen. Dette er ein ung festival som blir arrangert for 2. året på rad. Oppe i ein dal, der ingen skolle tru rocken kunne herje. Ei muligheit for dei som ikkje skulle på kurs.
  • Rullekurs var også på planen for mulige utfordringa til deltakarane.

HerøyGard sommertreff 2010

Fredagen starta, om ikkje heilt perfekt, med litt trollsk tåke liggande lavt rundt dei mektige fjella. Ein kunne skimte storhavet langt der ute, og alle håpte sola ville trengje seg fram. Vi var dessutan så opptekne med å organisere telt å anna bueiningar, att naturen fekk vente. Ikkje so mange møtte opp denne kvelden grunna arbeid og diverse logistiske utfordringa. Kursstart blei haldt neste morgon på Moltu, so flesteparten ville møte oss der. Ein gjeng frå Molde kom seg derimot heilt fram og fekk båttransport ut, men nokon av dei vart freista av området å sat seg helder i kajakken. HKKs leiar hadde fått med ei kasse med fersk laks (tusen takk Marine Harvest) og den skulle testgrillast. Der satt vi då, ytterstute på ein liten holme. Tåka hadde vår herre gjort av med, og grillmaten kunne nytast som hør og bør med knitring frå bål. Store smil såg ein i alle himmelretningar. Ja, no var samlinga offisielt satt.

Før fuglen kvitra, aula det med padlehungrige skjele både på Varholmen og på Moltu. Folk pakka i kajakkane, henta effektar og organiserte båttransport. Dagen starta med lettskya himmel og litt regn. Med andre ord ein heilt typisk sunnmørsmorgon. På Moltu hadde instruktørane kome og sette i gong dagens program. Ute på Warholmen organiserte Tor Inge turen til Herøy Gard som blei kjempe godt mottatt av samlingas deltakara. Dei påfølgande timane kan eg dessverre ikkje røpe. Dels grunna taushetsplikt og dels grunne for lite ordforråd. Ein må nesten oppleve slike dagar på eiga hand. Ikkje noko anna som er rettferdig overfor vårt kjære Herøy. Men eg kan no ikkje laver å henge ved nokon stikkort:

Lettskya lyseblå himmel. Ikkje for varmt, ikkje for kaldt men akkurat perfekt. Roleg hav med små late dønningar ut mot storhavet. Små skjer blir vaska om å om igjen av små bølgje. Kajakkar som sig fram mellom skjer, holma å urørt natur. Det heile omkransa av sunnmørsfjella og storhavet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Er det noko Herøy kan so er det å vise seg frå sitt beste når tida er inne. Ein må bære trosse litt regn å anna rusk i uransaklege tide før det glimtar til med postkort-motiv i alle retningar ein snur hovudet. Det er på slike dagar eg løftar haka og tek inn alt det guds vakre natur har å by på. For ein må vær rask, på rett stad til rett tid, før det plutselig er over. Det er dette som gjer dei fine dagane i Herøy til rusmiddel for alle friluftselskarar.

Etter ein longe dag i kajakken er det som å ta av seg slalåmsko. Ein er litt støl og sliten med eit stort smil om munnen. Dette kunne vi beskue på samtlige av dei som kom i land på Warholmen. Folk myldra og fortalte om alle opplevingane dagen hadde gitt. Fleire hadde sin første tur i kajakk og andre sin beste naturoppleving. Ei stor gruppe hadde lært mykje nytt om kajakken, padleferdigheiter og gruppekontroll. Eg kan vel med handa på hjarte sei dette var ein meget vellukka sommardag i Herøy.

Og som kvelden før diska Herøy Kajakk Klubb opp med grilla laks, godt selskap og mykje padlesnakk. Dagens erfaringar blei delte og forventningane til neste dag vaks.

Søndagen starta på lik linje med laurdagen. Ein rolig sval morgon, litt skyer og med opning for sola her og der. Undertegnede måtte finne fram solkremen. Sjølv om sola ikkje skein frå skyfri himmel dagen før, hadde den fått virke på huda. Raud som ein nykokt hummar var vist fleire av oss. Enda ein herlig dag i kajakken venta. Herøy er mitt draumeland. Den finaste og mest ekstreme plassen du kan tenkje deg. Håpar eg møter deg på neste samling HKK arrangerar her ytterstute på Sunnmøre.

 

Christer Torvik

Nestleiar Herøy Kajakk Klubb

www.visitfosnavaag.no

www.heroykystmuseum.no

www.heroy.kommune.no

flickr album

Assistent på grunnkurs hav

Etter ei helg med intensivt eksamensarbeid, var det lett å seie ja, når Tor Inge spurte om eg ville vere assistent under eit grunnkurs i padling i går. Vi heldt til i pollen innanfor Straumane, og trente på svingteknikkar og redning. Litt tull og tøys blei det sjølvsagt også tid til.


Tor Inge demonstrerer "kiss the bow".

Då forsøket endte med velt, framkalla det spontan applaus frå kursdeltakarane.
"Kiss the bow" har eg aldri prøvd før, så etterpå var det sjølvsagt min tur. Med ein lavvolums grønnlandskajakk vart det eit skikkelig vått kyss! Turen fram til baugen gjekk fint, og turen tilbake til cockpit likeså. Å kome seg nedi cocpiten igjen derimot, endte med velt. I staden for å gå ut av båten, re-entra eg og prøvde å rulle. Første forsøket gjekk ikkje heilt, og eg for under igjen. Mens eg la åra på plass for eit nytt forsøk, såg eg capsen min på veg mot botnen. Eg sleppte raskt åra, og klarte å nå den før den forsvann. Eg var ganske fornøgd då andre rulla fungerte, og eg kunne kome opp igjen med capsen på.
Kursdeltakarane tok også utfordringa. Det resulterte i ein del bading, og medfølgande øving på egenredning og kameratredning.