Sommarsamling på Warholmen 2010
Sidan før Herøy Kajakk Klubb blei offisielt stifta, arrangerte Tor Inge Warholm sommar samling på Varholmen. Ein litne værutsatt holme, ytterstute på Flåvær. Gjennom NPF sitt stadig voksande padleforum samla det seg entusiastiske padlarar frå nært og fjernt. Smalinga fekk internasjonal omtale og dermed var grunnen lagt for framtida. Sidan den gong har klubben vokse. Vi har fått tre nyutdanna aktivitetsleiarar og etter denne helga to nye. Medlemsmassen aukar kvart år og vi var på nytt klar for å fylle Warholmen med padleglede.
Herøy Kajakk Klubb starta planlegginga av samlinga og fekk raskt respons frå NPF. Dei ville arrangere fleire kurs på samlinga. Og ikkje lenge etter dukka det opp to store namn på instruktør lista. Dag Roland ville arrangere aktivitetsleiarkurs og Torbjørn Nordeide ville halde teknikkurs. Dette var det mange i og utafor klubben som gleda seg over. Nett desse to var med på å utdanne bautaane i HKK. Dermed kunne klubben vår skilte med kvalitets kurs, sosialt samvær og muligheita for umåteleg vakker vestlands natur. Fleire medlemar stilte seg disponible som hjelpe instruktørar og turleiarar. Planen var i hovudsak å imitere tidligare suksess. Lite fastspikra og mange muligheiter som:
- Lavterskeltur til den vakre Herøy Gard. Eit ynda naturområde med ein godt bevart middelalder gard, kystmuseum, utesene til vikingspelet ”Herøyspelet” og mange små holmar som ligg fint skjerma for storhavet. Dette er eit av våra stolte destinasjonar for tilreisande.
- Ein Rock and Roll tur til Hids-fest-i-dalen for dei som ikkje er sletne av dagen. Dette er ein ung festival som blir arrangert for 2. året på rad. Oppe i ein dal, der ingen skolle tru rocken kunne herje. Ei muligheit for dei som ikkje skulle på kurs.
- Rullekurs var også på planen for mulige utfordringa til deltakarane.
Fredagen starta, om ikkje heilt perfekt, med litt trollsk tåke liggande lavt rundt dei mektige fjella. Ein kunne skimte storhavet langt der ute, og alle håpte sola ville trengje seg fram. Vi var dessutan så opptekne med å organisere telt å anna bueiningar, att naturen fekk vente. Ikkje so mange møtte opp denne kvelden grunna arbeid og diverse logistiske utfordringa. Kursstart blei haldt neste morgon på Moltu, so flesteparten ville møte oss der. Ein gjeng frå Molde kom seg derimot heilt fram og fekk båttransport ut, men nokon av dei vart freista av området å sat seg helder i kajakken. HKKs leiar hadde fått med ei kasse med fersk laks (tusen takk Marine Harvest) og den skulle testgrillast. Der satt vi då, ytterstute på ein liten holme. Tåka hadde vår herre gjort av med, og grillmaten kunne nytast som hør og bør med knitring frå bål. Store smil såg ein i alle himmelretningar. Ja, no var samlinga offisielt satt.
Før fuglen kvitra, aula det med padlehungrige skjele både på Varholmen og på Moltu. Folk pakka i kajakkane, henta effektar og organiserte båttransport. Dagen starta med lettskya himmel og litt regn. Med andre ord ein heilt typisk sunnmørsmorgon. På Moltu hadde instruktørane kome og sette i gong dagens program. Ute på Warholmen organiserte Tor Inge turen til Herøy Gard som blei kjempe godt mottatt av samlingas deltakara. Dei påfølgande timane kan eg dessverre ikkje røpe. Dels grunna taushetsplikt og dels grunne for lite ordforråd. Ein må nesten oppleve slike dagar på eiga hand. Ikkje noko anna som er rettferdig overfor vårt kjære Herøy. Men eg kan no ikkje laver å henge ved nokon stikkort:
Lettskya lyseblå himmel. Ikkje for varmt, ikkje for kaldt men akkurat perfekt. Roleg hav med små late dønningar ut mot storhavet. Små skjer blir vaska om å om igjen av små bølgje. Kajakkar som sig fram mellom skjer, holma å urørt natur. Det heile omkransa av sunnmørsfjella og storhavet.
Er det noko Herøy kan so er det å vise seg frå sitt beste når tida er inne. Ein må bære trosse litt regn å anna rusk i uransaklege tide før det glimtar til med postkort-motiv i alle retningar ein snur hovudet. Det er på slike dagar eg løftar haka og tek inn alt det guds vakre natur har å by på. For ein må vær rask, på rett stad til rett tid, før det plutselig er over. Det er dette som gjer dei fine dagane i Herøy til rusmiddel for alle friluftselskarar.
Etter ein longe dag i kajakken er det som å ta av seg slalåmsko. Ein er litt støl og sliten med eit stort smil om munnen. Dette kunne vi beskue på samtlige av dei som kom i land på Warholmen. Folk myldra og fortalte om alle opplevingane dagen hadde gitt. Fleire hadde sin første tur i kajakk og andre sin beste naturoppleving. Ei stor gruppe hadde lært mykje nytt om kajakken, padleferdigheiter og gruppekontroll. Eg kan vel med handa på hjarte sei dette var ein meget vellukka sommardag i Herøy.
Og som kvelden før diska Herøy Kajakk Klubb opp med grilla laks, godt selskap og mykje padlesnakk. Dagens erfaringar blei delte og forventningane til neste dag vaks.
Søndagen starta på lik linje med laurdagen. Ein rolig sval morgon, litt skyer og med opning for sola her og der. Undertegnede måtte finne fram solkremen. Sjølv om sola ikkje skein frå skyfri himmel dagen før, hadde den fått virke på huda. Raud som ein nykokt hummar var vist fleire av oss. Enda ein herlig dag i kajakken venta. Herøy er mitt draumeland. Den finaste og mest ekstreme plassen du kan tenkje deg. Håpar eg møter deg på neste samling HKK arrangerar her ytterstute på Sunnmøre.
Christer Torvik
Nestleiar Herøy Kajakk Klubb
Assistent på grunnkurs hav
Etter ei helg med intensivt eksamensarbeid, var det lett å seie ja, når Tor Inge spurte om eg ville vere assistent under eit grunnkurs i padling i går. Vi heldt til i pollen innanfor Straumane, og trente på svingteknikkar og redning. Litt tull og tøys blei det sjølvsagt også tid til.
Tor Inge demonstrerer "kiss the bow".
Då forsøket endte med velt, framkalla det spontan applaus frå kursdeltakarane.
Ulstein Hotel på Grunnkurs
Den 7. – 8. juni var det NPF Grunnkurs Hav for Ulstein Hotel + ei par stk frå klubben. Vi var særs heldige med været og det var eit meget kjekt kurs med flinke deltakarar. Kurset blei på dag 1 holdt på Osenessanden med ein tur bort om Borgarøya. På tilbakeveien fikk vi også testa oss litt i surf. Dag 2 hadde vi inni pollen på Dimna og trente mykje på teknikk og redningar.
Takkar deltakarane for eit kjekt kurs og håpar det var lærerikt for alle partar.
Pinsetur med kajakkpraksis
Denne helga skulle eg ha med ei gruppe studentar på padletur med overnatting. Dette som ein del av vegleiarpraksisen eg må ha i fordjupningsstudiet mitt i friluftsliv. Skodda låg tung utanfor soveromsglaset då eg vakna laurdag. Ikkje akkurat det veret eg hadde håpa på, då vi planla denne turen. Planen var å padle frå Eiksund til Ulsteinvik, med overnatting i Kjellsundområdet.
I Eiksund låg ikkje skodda like tjukk, men skydekket var lavt. Heldigvis var det helt vindstillt, og ganske fin temperatur. Det var ei trollsk stemning der vi padla utover langs stranda mot Selvågane.
Sjøen var speilblank! Området frå Eiksund til Selvåg er idyllisk med mange små holmer, viker og sund. Vi padla innom dei fleste, og tok oss god tid til å utforske området.
Frå Selvågane til Aursnespynten er det mykje glatte og bratte berg. Her er det ikkje mange plassane ein kan gå i land. Litt etter fyret fann vi ei vik, og der gjekk vi i land og tok ei lita matpause.
Vi kunne høyrde sauen breke lenge etter at vi hadde padla derifrå. Eg syns det var litt trasig at eg ikkje kunne klatre opp og hjelpe dei, men med crocs som einaste fottøy følte eg meg ikkje i stand til å gjennomføre ein "alpin" redningsaksjon. Borte ved småbåthavna i Kjellsund traff vi ein mann som ville prøve å få kontakt med eigaren, så då padla vi vidare med litt lettare hjerte.
I 17-tida var i framme ved Kvitøya. Kajakkane blei dregne godt opp på land, og vi leita fram alt utstyret vi hadde pakka i skotta.
Snart var leiren klar for natta, og gjengen kunne kose seg med taco og kanelsnurrer laga på primus.
Ruta vår for laurdagen. Ca. 19 km. til saman.
Trass i ei regnfull natt var det ein opplagt gjeng som søndags morgen gjorde seg klare for neste etappe. Sidan vi hadde padla lenger enn planlagt dagen før, bestemte vi oss for å legge turen utom Herøy Gard før vi til slutt skulle padle til Ulsteinvik. Den lille avstikkaren viste seg å ta langt lenger tid, og koste meir krefter enn vi var førebudd på. Vi padla store deler av distansen i ganske kraftig motvind, og då vi var framme nærma klokka seg halv to.
Etter pausa padla eg og studentane vidare rundt Herøya for å kome inn igjen til Herøy Gard. Her fekk dei ferske padlarane smake litt på havdønningane, noko dei takla på ein utmerket måte! Dei virka trygge i kajakken, og kunne smilande fortelje at dette syns dei var moro!
Planen var å padle til Ulsteinvik, men den lange turen i motvind gjorde at vi bestemte oss for å justere planen litt. Jon Oli kom difor med bilen og hengaren til Herøy Gard, og vi avslutta turen der.
Ruta vår på søndagen blei på ca. 10 km.
Kursdatoar for juni er klare!
Komande kurs:
5-6 juni, NPF Grunnkurs, Vigra (snart fuldt)
12-13 juni, NPF Grunnkurs
26-27 juni, NPF Teknikkurs (instruktør Torbjørn Nordeide)
Fleire kursdatoar vil kome utover sommaren, ved behov.
Mvh
Styret HKK






Devold
Herøy Næringsforum