I morgon, laurdag kjem Erik B. Jørgensen innom Fosnavåg med sin kajakk. Han er på veg rundt Skandinavia, og vil stoppe for å halde foredrag.

Mer om turen til Erik, kan dere lese i hans blogg
– Skandinavia rundt i kajakk er ein tur frå grensa mellom Russland og Noreg ved Jacobselv, der eg vil ro langs kystane av Noreg, Sverige og Finland og slutte ved grensa mellom Finland og Russland. Turen strekkjer seg over eit halvt år og mellom 7.200 til 7.400 km, skriv han i bloggen sin.
Erik B. Jørgensen som padlar rundt Skandinavia, padlar forbi Fosnavåg på laurdag. I morgon, Laurdag kl 1400 held han foredrag i lokala til Rederiparken på taket av Meny Fosnavåg. Han vil fortelje om sin tur rundt Danmark i fjor vinter, som var den kaldaste vinteren på 23 år i Danmark, og Skandinavia rundt-turen så langt. Ved interesse vil han også snakke om si kryssing av Grønland "Thule til Thule "– i Knud Rasmussen sine fotspor.
Dette blir ei unik moglegheit til å treffe ein som verkeleg tør og leve sine draumar om lange ekspedisjonar og unike turar.
Etterpå held han fram turen sørover, der dei som vil kan slå følgje frå Fosnavåg og utover mot Varholmen. Erik padlar deretter til Kvamsøya, og får seg litt søvn der, før passeringa av Stadt på søndag.
Om dykk brukar facebook, gje gjerne beskjed på denne sida om dykk kjem.