Arkiv | Nyheter RSS for denne seksjonen

God Jul og eit gledelig godt nyttår!

2011 som alle tiligare år, går inn som eit framgangsrikt og utviklande år for ein ung klubb med ambisjonar. Det ser faktisk ut som vi kan fortsette på denne stigande kurva i 2012. I skrivand stund fikk vi nettopp beskjed fra Gjensidigestiftelsen at vi har fått invilga ei fantastisk flott julegave! Julegava består av midlar til innkjøp av dobbelkajakkar til vår vidare satsing, og spesielt då padling med barn og personar med funksjonshemmingar. Tillegg til polosatsinga som alt er i gang, håpar vi på eit fantasifult og konstruktivt år

Vi takkar Gjensidigestiftelsen for denne flotte julegava og vil med dette ønske alle våre medlemmer ei riktig god jul!

Julebord 19.nov 2011

Julebord i lite krevende forhold.
Ingen krav til redningsvest, men selvberging  kan påkreves utover kvelden

Les meir …

Skandinavia rundt-padlar held foredrag i Fosnavåg

I morgon, laurdag kjem Erik B. Jørgensen innom Fosnavåg med sin kajakk. Han er på veg rundt Skandinavia, og vil stoppe for å halde foredrag.

Mer om turen til Erik, kan dere lese i hans blogg

– Skandinavia rundt i kajakk er ein tur frå grensa mellom Russland og Noreg ved Jacobselv, der eg vil ro langs kystane av Noreg, Sverige og Finland og slutte ved grensa mellom Finland og Russland. Turen strekkjer seg over eit halvt år og mellom 7.200 til 7.400 km, skriv han i bloggen sin.

Erik B. Jørgensen som padlar rundt Skandinavia, padlar forbi Fosnavåg på laurdag. I morgon, Laurdag kl 1400 held han foredrag i lokala til Rederiparken på taket av Meny Fosnavåg. Han vil fortelje om sin tur rundt Danmark i fjor vinter, som var den kaldaste vinteren på 23 år i Danmark, og Skandinavia rundt-turen så langt. Ved interesse vil han også snakke om si kryssing av Grønland "Thule til Thule "– i Knud Rasmussen sine fotspor.

Dette blir ei unik moglegheit til å treffe ein som verkeleg tør og leve sine draumar om lange ekspedisjonar og unike turar.

Etterpå held han fram turen sørover, der dei som vil kan slå følgje frå Fosnavåg og utover mot Varholmen. Erik padlar deretter til Kvamsøya, og får seg litt søvn der, før passeringa av Stadt på søndag.

Saksa frå Herøynytt.

Om dykk brukar facebook, gje gjerne beskjed på denne sida om dykk kjem.

Padleleiren i Sunnmørsposten

Christer Torvik er leder i Herøy Kajakk Klubb og anbefaler samlinga i pinsa på det varmeste.

Borgarøya i Ulstein kommune blir møtestedet for ei stor samling i regi av Norges Padleforbund (NPF) i pinsa. Herøy Kajakk Klubb er teknisk arrangør.

Padleleiren i Vikebladet

Under festivaldagane “Smak av Ulstein” inviterer NPF og Herøy Kajakklubb til padleleir på Borgarøya.

Det er Noregs padleforbund (NPF) som arrangerer leiren, med Herøy Kajakklubb som teknisk arrangør. På programmet står ymse padleturar i tillegg til fleire kurs.

– Det er litt spesielt at vi har fått til ei slik leir her, forklarer Lidun Hareide, lokal padlar og medlem i Teknisk Kommitté Hav i Noregs Padleforbund.

Dette er første gongen NPF legg ei padlesamling til Sunnmøre. Samlinga er ei av fire padleleirar i landet der NPF tilbyr grunnkurs, teknikkurs og aktivitetsleiarkurs (instruktørkurs). Dyktige aktivitetsleiarar og vegleiarar med tilknyting til distriktet held kursa. Eldar Myrhol (Herøy) skal halde grunnkurs, Torbjørn Nordeide (Askvoll og Volda) held teknikkurs og Lidun Hareide (Ulstein og Bergen) held aktivitesleiarkurs. I tillegg held Dag Roland (Romsdal og Ulstein) grunnkurs UNG.

Gratis UNG-kurs

UNG-kursa er ein lekk i NPF si satsing mot ungdom, og målet er at ungdommar skal utdanne seg til aktivitetsleiarar og halde kurs for andre ungdommar saman med ein kvalifisert vaksen. Grunnkurs UNG og teknikkurs UNG er gratis for deltakarane, og er one for ungdommar mellom 14 og 19 år. Det einaste som krevst er medlemskap i den lokale padleklubben Herøy Kajakklubb. Interesserte kan ta kontakt med Herøy Kajakklubb for meir informasjon.

- Eit hovudmål med padleleiren og med all padleopplæring er å lære padleinteresserte å padle trygt og unngå ulukker. I tillegg ser vi at padlegleda aukar dramatisk parallelt med kunnskapen. Du får mange meistringsopplevingar og aha-opplevingar på eit padlekurs, seier Hareide.

- For oss vegleiarar er det ei enorm tilfredstilling å sjå smilet bryte fram hos deltakarane når dei opplever meistring. Så eit viktig mål med padleleiren er også å samle kjekke padlefolk og spreie padleglede, held ho fram.Fokus på kystkultur På padleleiren har arrangørane valt å ha fokus på kystkultur.

– Dette gjer vi fordi dei unike omgjevnadane med Borgarøya, Håkonsholmen og Hatløya legg til rette for undring rundt kvifor ein finn slike staselege bygningar på små holmar i havet, men også fordi ein nasjonalt ser eit fokus på kyst og kystkultur som vi ønskjer å støtte opp om, seier Hareide.

Laurdagen vert det padletur til Herøy og den gamle prestegarden ved Herøy Gard og Herøy Kystmuseum. Pinsehelga er det også vikingkaupang på Herøy Gard og vikinginteresserte padlarar kan dermed slå to fluger i ein smekk under padleleiren.

Søndag vert det kombinert padle-og vandretur med Inge Håkonsholm som guide. Padlarane får då vite historia bak husa som står rundt om på Borgarøya, Hatløya og Håkonsholmen, og turen vert avslutta med kaffi og omvising på Håkonsholmen.

Til no er det allereie godt med påmelde padlarar frå Ulstein og Herøy, men også andre klubbar som Oslo Kajakklubb, BSI padling i Bergen, Havstril i Austevoll og Toten og Gjøvik kajakklubb har meldt at dei sender deltakarar. Hareide håpar endå fleire vil melde seg på – spesielt dei som ikkje padlar “organisert”.

– Vi vil gjerne ha med dei lokale padlarane som ikkje har ein klubb eller har gått gjennom kursing, seier ho, og oppmodar dei til å vere med på ei kjekk helg med padlarar frå heile landet på Borgarøya i pinsa.

Padlekursa går av stabelen pinsehelga, 10.–12. juni

Saksa frå vikebladet: http://www.vikebladet.no/nyhende/article338033.ece

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 389 other followers