"Det fins ikkje dårlig vêr…."
Mens vi pakka i kajakkane på Kjeldsund, plaska regnet ned, og når vi endelig var klare for å legge utpå, toppa det seg med lyn og buldrande tordenskrall. Vi lurte nok ein augneblink på om vi burde "snu i tide", men la i veg med friskt mot og klokketru på at vêret ville lette etterkvart.
Og letta gjorde det!
Etter at Dragsundet var passert og vi hadde baugen retta mot Myrvågneset, skein det av og vart sommar!
Vi padla vidare innimellom holmane bortover mot Kristofferholmen, der vi tenkte å ta ei lita ilandstigning i det fine veret. Etter at alle ni i følget hadde kome seg på land, tok det til å regne igjen….
Like fort som sommaren kom, var han borte igjen, og skodda kom mot oss som ein grå vegg. Vi bestemte oss difor for å legge kursen direkte mot Kvitøya, der vi skulle slå leir for natta.
Ved ilandstigninga på Kvitøya, hadde den tjukkaste skodda letta.
Trollsk
Kvelden heldt fram i same stil, med veksling mellom godvêr og høljeregn. Det la likevel ingen dempar på stemninga, og vi kosa oss med god mat og godt selskap.


Etter ei god natt med tromming på teltduken, vakna vi til ein strålande dag!
Vi laga god frukost, før vi pakka i båtane og la utpå igjen.
Yes! Ein båt!
Trygve syns det var skikkelig kult å padle på hekkbølgene til dei få båtane som passerte.
Å padle tett inntil land er super teknikktrening…., og veldig gøy!
Pausa tok vi på Veøya.

…..med hopp frå kajakken
Pinsetur med kajakkpraksis
Denne helga skulle eg ha med ei gruppe studentar på padletur med overnatting. Dette som ein del av vegleiarpraksisen eg må ha i fordjupningsstudiet mitt i friluftsliv. Skodda låg tung utanfor soveromsglaset då eg vakna laurdag. Ikkje akkurat det veret eg hadde håpa på, då vi planla denne turen. Planen var å padle frå Eiksund til Ulsteinvik, med overnatting i Kjellsundområdet.
I Eiksund låg ikkje skodda like tjukk, men skydekket var lavt. Heldigvis var det helt vindstillt, og ganske fin temperatur. Det var ei trollsk stemning der vi padla utover langs stranda mot Selvågane.
Sjøen var speilblank! Området frå Eiksund til Selvåg er idyllisk med mange små holmer, viker og sund. Vi padla innom dei fleste, og tok oss god tid til å utforske området.
Frå Selvågane til Aursnespynten er det mykje glatte og bratte berg. Her er det ikkje mange plassane ein kan gå i land. Litt etter fyret fann vi ei vik, og der gjekk vi i land og tok ei lita matpause.
Vi kunne høyrde sauen breke lenge etter at vi hadde padla derifrå. Eg syns det var litt trasig at eg ikkje kunne klatre opp og hjelpe dei, men med crocs som einaste fottøy følte eg meg ikkje i stand til å gjennomføre ein "alpin" redningsaksjon. Borte ved småbåthavna i Kjellsund traff vi ein mann som ville prøve å få kontakt med eigaren, så då padla vi vidare med litt lettare hjerte.
I 17-tida var i framme ved Kvitøya. Kajakkane blei dregne godt opp på land, og vi leita fram alt utstyret vi hadde pakka i skotta.
Snart var leiren klar for natta, og gjengen kunne kose seg med taco og kanelsnurrer laga på primus.
Ruta vår for laurdagen. Ca. 19 km. til saman.
Trass i ei regnfull natt var det ein opplagt gjeng som søndags morgen gjorde seg klare for neste etappe. Sidan vi hadde padla lenger enn planlagt dagen før, bestemte vi oss for å legge turen utom Herøy Gard før vi til slutt skulle padle til Ulsteinvik. Den lille avstikkaren viste seg å ta langt lenger tid, og koste meir krefter enn vi var førebudd på. Vi padla store deler av distansen i ganske kraftig motvind, og då vi var framme nærma klokka seg halv to.
Etter pausa padla eg og studentane vidare rundt Herøya for å kome inn igjen til Herøy Gard. Her fekk dei ferske padlarane smake litt på havdønningane, noko dei takla på ein utmerket måte! Dei virka trygge i kajakken, og kunne smilande fortelje at dette syns dei var moro!
Planen var å padle til Ulsteinvik, men den lange turen i motvind gjorde at vi bestemte oss for å justere planen litt. Jon Oli kom difor med bilen og hengaren til Herøy Gard, og vi avslutta turen der.
Ruta vår på søndagen blei på ca. 10 km.
Nærøyfjorden
Rute: Gudvangen – Underdal t/r
Tid og lengd: 3d ca 40-50 km
Mål: Sosialt, turopplevelser
Vær og vind: Sol og flatt hav
Temperatur: nesten 30 grader
Eg, Eldar og Anna tok oss ein tur til Nærøyfjorden etter invitasjon til HKK frå vener og kjendte, bl. anna Kjell, Joakim og Jean, Ragnar som har besøkt oss tiligare. 11 stk møtte opp i Nærøyfjorden denne vakre sommerdagen 3 juli, naturen viste seg fra sin vakreste side. Varmen i luften gjorde at det var herlig å sette seg i kajakken, sjøen var kald med mye smeltevann. Overalt fosset elvene ned fra de stupbratte fjell og lagde fine formasjoner, noen steder fikk vi en fin dusj, andre steder fikk vi en skikkelig massasje. Nærøyfjorden er bare vakker, og enda bedre når den oppleves i godt selskap.
Flott tur som eg gjerne kunne tenkt meg å gjenntatt ved ei seinare annledning. Det mest interesanne og lærerike som skjedde på turen iht. evaluering var vel møtet Frøystein hadde med noen utenlanske økoturister. Som beviste og gjor oss oppmerksom på at det man lærer på kurs iht. redninger og sikkerheitstiltak fe et litt anna perspektiv dersom man ikkje komunisera so godt. Sjølv om hendinga Frøystein var ute for gikk for seg med humøret på topp
Tekst: Tor Inge Warholm






















Devold
Herøy Næringsforum