8.mai tur til Rundebranden
Etter denne omtalen på ut.no:
“Runde har under hundre fastboende. I hekkesesongen kan innbyggertallet på fugleøya komme opp i nesten 400.000!”
Tenkte vi at det var på tide å ta seg ein tur og helse på dei omtalte innbyggerane.

Vi var ni heldige padlarar som fekk nyte ein strålande dag ved Runde. Vi padla frå Rundebrua og fulgte land via den blå lagune, grottene, langs branden og vidare til fyret. Vi var maks heldige med været, sjøen var rolig og ein nydelig temperatur. Det var faktisk rolig nok til å få utforsket grottene også, men der var det en kaldere gufs innerst inne.


Ved fyret fann vi oss ein lun plass til grilling, god mat og røvarhistorier, før vi returnerte same vegen som vi kom. På tilbakevegen hadde vi håpt på sjøfuglane hadde gjort seg ferdig ut på feltet, men det var dei ikkje, derfor blei det litt mindre fugl enn vi hadde håpt på, men på alle måtar ein vellykka søndagstur. Vi for ta igjen turen ein annan dag, litt meir ut på kvelden, då blir det nok meir fugl.


Tekst og bilde: Tor Inge Warholm og Mildrid flø
Klubbtur i Kjeldsund
Det var flo sjø i starten av turen, og det gjorde det "padlbart" på stadar som ofte ligg tørrt. I dette sundet kunne vi sjå tang og strandnellik side om side, under vatn!
Trygve klarte å gå rundt med kajakken sin i dag igjen, så Eldar og eg måtte til med redning. Eg har ikkje fått montert dekkslinene på kajakken hans enda, og det må eg snart få gjort viss dette skal bli ein vane.
Sidan det var flo og det dermed gjekk an å padle inn i laguna i dag, tok vi pausa der.
I dag blei Bryndis også med på padletur. Det er lenge sidan sist, men ho hadde god kontroll på kajakken. Mot slutten var ho likevel ganske sliten, og då var det greitt å få litt slepehjelp av ein komane aktivitetsleiar.
Dimna
Vi hadde planer om klubbtur rundt Runde i dag, men dei planane bles dessverre vekk. I staden blei det ein padletur ved Dimna.
Ei sjøbud vi berre måtte padle under.
På Sjutøya tok vi pause, med grilling og kaffi på primus. Mens vi satt der, såg vi eit par andre kajakker ute på sjøen. Det var Nancy og Erling som var på tur, og dei kom innom for ein prat.

Pinsetur med kajakkpraksis
Denne helga skulle eg ha med ei gruppe studentar på padletur med overnatting. Dette som ein del av vegleiarpraksisen eg må ha i fordjupningsstudiet mitt i friluftsliv. Skodda låg tung utanfor soveromsglaset då eg vakna laurdag. Ikkje akkurat det veret eg hadde håpa på, då vi planla denne turen. Planen var å padle frå Eiksund til Ulsteinvik, med overnatting i Kjellsundområdet.
I Eiksund låg ikkje skodda like tjukk, men skydekket var lavt. Heldigvis var det helt vindstillt, og ganske fin temperatur. Det var ei trollsk stemning der vi padla utover langs stranda mot Selvågane.
Sjøen var speilblank! Området frå Eiksund til Selvåg er idyllisk med mange små holmer, viker og sund. Vi padla innom dei fleste, og tok oss god tid til å utforske området.
Frå Selvågane til Aursnespynten er det mykje glatte og bratte berg. Her er det ikkje mange plassane ein kan gå i land. Litt etter fyret fann vi ei vik, og der gjekk vi i land og tok ei lita matpause.
Vi kunne høyrde sauen breke lenge etter at vi hadde padla derifrå. Eg syns det var litt trasig at eg ikkje kunne klatre opp og hjelpe dei, men med crocs som einaste fottøy følte eg meg ikkje i stand til å gjennomføre ein "alpin" redningsaksjon. Borte ved småbåthavna i Kjellsund traff vi ein mann som ville prøve å få kontakt med eigaren, så då padla vi vidare med litt lettare hjerte.
I 17-tida var i framme ved Kvitøya. Kajakkane blei dregne godt opp på land, og vi leita fram alt utstyret vi hadde pakka i skotta.
Snart var leiren klar for natta, og gjengen kunne kose seg med taco og kanelsnurrer laga på primus.
Ruta vår for laurdagen. Ca. 19 km. til saman.
Trass i ei regnfull natt var det ein opplagt gjeng som søndags morgen gjorde seg klare for neste etappe. Sidan vi hadde padla lenger enn planlagt dagen før, bestemte vi oss for å legge turen utom Herøy Gard før vi til slutt skulle padle til Ulsteinvik. Den lille avstikkaren viste seg å ta langt lenger tid, og koste meir krefter enn vi var førebudd på. Vi padla store deler av distansen i ganske kraftig motvind, og då vi var framme nærma klokka seg halv to.
Etter pausa padla eg og studentane vidare rundt Herøya for å kome inn igjen til Herøy Gard. Her fekk dei ferske padlarane smake litt på havdønningane, noko dei takla på ein utmerket måte! Dei virka trygge i kajakken, og kunne smilande fortelje at dette syns dei var moro!
Planen var å padle til Ulsteinvik, men den lange turen i motvind gjorde at vi bestemte oss for å justere planen litt. Jon Oli kom difor med bilen og hengaren til Herøy Gard, og vi avslutta turen der.
Ruta vår på søndagen blei på ca. 10 km.
Pinsepadling i Kjeldsund
Herøy kajakklubb hadde invitert til padling i Kjellsund 2. pinsedag. Med på turen var Daniel, Elin, Einar, Jon Oli og eg. Vi la ut frå fjøra ved hyttene til leirstaden i Kjeldsund, og padla under brua og vidare til Makrellvågen.
Etter å ha utforska området litt og trent på ulike svingteknikker ei stund, padla vi tilbake til Kjeldsund. Vi tenkte å finne ei skjerma vik der vi kunne øve litt på redning, sidan Elin aldri hadde prøvd dette før, og padla derfor inn mellom Hestholmen og Bakarholmen. Vi skilde lag med Einar, som heller ville padle seg ei runde.
Ho kava litt med å kome seg opp på bakdekket, men snart var teknikken på plass og ho gjennomførte ei vellykka cowboyredning. Det var ei ganske stolt og fornøgd dame som endelig var på plass i kajakken igjen.
Med litt vegleiing gjekk også kameratredninga heilt etter boka.
Stolt og fornøgd enda ein gong!





Devold
Herøy Næringsforum