Arkiv | Søndagspadling RSS for denne seksjonen

Søndagstur med høg kosefaktor, og eit bittelite innslag av dramatikk

I dag la Herøy kajakklubb søndagsturen til Kjeldsund. Med på turen var Trygve og eg, Eldar, Christer og Jan. Tidlegare i veka hadde Yr gitt oss forhåpningar om sommarver, men det var ikkje mykje som minnte om det, der vi lasta kajakkane på bilen, mens "snøen dalte lett og fin". Veret var heldigvis litt betre når vi kom fram til Kjeldsund.

Erfaringane frå dei siste turane Trygve har vore med, er at han treng slep undervegs, og at båten hans er fryktelig vinglette å slepe. Derfor hadde vi i dag mekka til eit ror på kajakken hans, for å gjere den meir retningsstabil. Roret hadde vi lånt frå ein annan kajakk. Det vart festa med tau og gaffatape, slik at sto fast, og fungerte meir som ein kjøl. Dette gjorde underverk, og båten vart mykje enklare å slepe! Vi vil prøve å få laga ein slags finne til å montere bakpå, slik at han lettare kan halde retninga, både under slep og når han padler sjølv.

Trygve har tydeligvis fått smaken på det gode liv, og etterlyste ganske snart ei slepeline. Eldar var som vanlig ikkje tung å be.

Det blei ingen lang padletur i dag. Alle godsakene som var pakka i skotta, gjorde at det frista veldig med ei lang og god pause.

Fram frå pakksekkane vart det henta både kaffi og kake, sveler og ingredienser til Eldar sine fantastiske ostesmørbrød!

Veret skifta fort. Snart regna det godt, så kaffi og kake blei tekne med i skjul under eit tre.

På grunn av regnet, bestemte vi oss for å pakke i båtane og kome oss på vatnet igjen. Like etterpå skein sola! Vi snirkla oss litt omkring dei mange holmane, og trente på ulike svingteknikkar, før vi vende baugen tilbake mot utgangspunktet. Det vesle stykket tilbake til bilen, tok eg Trygve på slep. Eg padla i fint driv, då eg plutselig høyrer hyl og skrål bak meg! Då eg snur meg ser eg Trygve i vatnet, og at båten hans ligg med kjølen i været! 

Det går heldigvis ikkje mange sekund før dei paniske hyla er erstatta med latter. Trygve er godt utstyrt med både tørrdrakt og redningsvest, og forsto fort at dette ikkje var så farlig likevel. Han fekk klatre opp på bakdekket på Eldar sin kajakk, mens vi starta arbeidet med å få kajakken på rett kjøl igjen.  Å få tømt båten hans, skulle derimot vise seg å bli ei lita utfordring. Kajakken er uten skott, og var brytung å få opp på dekk. Det gjorde det heller ikkje betre at den er heilt uten dekksliner.

Heldigvis har den ei lita kork i hekken som kan skruast opp, slik at vatnet kan renne ut. Til slutt var kajakken tom, og kunne settast på vatnet igjen. Det er greitt å ha prøvd kameratredning med ein skottlaus båt. Det var langt frå like enkelt som med ein havkajakk! Trur nok det må monterast dekksrigging på Trygve sin båt, slik at det i det minste blir litt lettare å få tak på den. Helst burde den hatt ein skottvegg også.

I ettertid syns Trygve dette var skikkelig kult! Han ville gjerne gå rundt ein gong til ! Med andre ord, har han ikkje teke skrekken.

 

Tekst og foto: Mildrid Flø

4 fengande årstider i Tjørvåg

HKK la i dag turen til Tjørvåg for ein fullstendig avslappa lavterskeltur. Olea, Mildrid, Jon Olli, Trygve å eg satte ut frå “syden” med mykje godt i lukene. Trygve som er HKK sin yngste aktive padlar ga fort beskjed om at han ville bli taua, eg var ikkje vanskelg å be. Opp med tauelina å klips på, turen var herved igong.

Det blei ein tur der veret veksla mellom sludd og regn, og sol og blå himmel.

Det var med eit stort smil og kalde hender eg taua ivei i den værste sluddbyga Herøy hadde sett, iallefall på nokre timar. Medan eg padla slik med kalde hender murra det ein tanke i hovudet mitt, tenk om eg hadde lagt pogiesane mine i luka istaden for under slitte dekkstrikk. Då hadde dei ikkje forsvunne å eg hadde hat varme hender eg no. Men alt etter ca 300-400 m padling skein det av med varme solstrålar å alle tankar blei berre positive. Men eg må seie at det å taue ein vinglete barnekajakk med innaktiv padlar oppi ikkje er som å taue ein sliten padlar i ein vaksenkajakk. Fordi at båten var så liten at den for frå eine sida til hi konstant, slik at kursen min blei konstant skifta frå eine vegen til hinn. Men det heile gjekk alikavel greit, for vekta på slepet var ikkje så mykje å snakke om å nokre kjappe sveipetak retta kursen min rimelig kjapt.

Undervegs var vi innom det meste av kriker og kroker, og slike er det mange av i dette området.

Etter at vi hadde slepa over fjorden, gjenom “skumlesund” kom vi til “lunvik”. Her slapp eg trygve laus slik at han kunne få padle litt på eigenhand. Etter litt padling i området ville han iland, gruppa blei då einige om at vi skulle forlate “lunvik” å padle over til “lisjeblink” Det heile gjekk fortreffeleg med untak av nokre strofer om å bli slept. Vi kom da med oppmuntrande ord og sa at han skulle få slep etter ar vi hadde våre i land hos lisjeblink.

Trygve i fint driv på veg bort til "Lilleblink".

Ein liten tur på land…

Etter “lisjeblink” seansen var over padla vi oss inn på nok ei lun vik med grunt vatn. Her blei det ein heil del teknikktrening for store og små. Støttetak, styretak og mykje overmodig kanting. Det var nemlig sopass grunt at om du kanta det over styr så var det bare å legge åra i bunn å vippe seg på rett kjøl att. Eg likar slike grunne viker for dei gjer teknikk trening sopass trygg at alle tør å utforske grensene for seg sjølv og sin båt. Inne i denne vika tok vi og ein velfortent rast med mykje godt mat og var drikke i steikande sol og sommarlege tempraturar. I det vi satte ut båtane astt for den siste etappa kom Kong vinter attende med snø og bitande kald vind. Takane mine gjekk då nok eingong over på mine kjære pogiesar som ligg å flyt ein stad på dei 7 hav.

Det er veldig moro når ein padler inni ei lita vik, og det viser seg at vika er inngangen til ei lagune ein ikkje kan sjå frå sjøen. Nord for Røyrasundet viste Eldar oss ei slik lagune. Der inne blei det litt leik og tull, før vi gjekk i land og tok matpause

Kaffi på kok…

Gruppebilde :-)

Resten av turen gjekk utan noko nevneverdig vidare i solskin og vårfølelsar innatt til “syden” der fleire av oss tok eit lite bad før vi slengde båtane på taket å reiste heim.

Tekst: Eldar Myrhol

Foto og bildetekst: Mildrid Flø

Tur til Vattøya

I dag la Herøy Kajakklubb turen til Vattøya.

Alt klokka 08.00 troppa vi opp ved Osnessanden, klare for tur i det flotte vårveret. Grunnen for den tidlige avgangen var at ein lokal frilansjournalist, som held på å skrive ein artikkel om padling her i området, skulle få utnytte morgenlyset og teke bilder til artikkelen sin. I tillegg til folk frå HKK, var det også med ein del andre padlarar frå området. I alt var vi 11.

Ruta gjekk først over til Håkonsholmen. Der blei vi ønskt velkomne av den lokale befolkninga, ei lita gruppe villsau. Ein av dei hadde to ørsmå lam, som utan å nøle fulgte mora heilt ned i vatnkanten på det bratte svaberget, Det var ikkje fritt for at eg planla "Aksjon Redd Bæ Bæ Lille Lam" der eg satt, men dei små var overraskane stø på beina der dei klivra rundt.

Vidare padla vi gjennom sundet mellom Håkonsholmen og Hatløya.

Sjøen var veldig rolig og fin då vi kom på utsida av Hatløya. Vi bestemte oss difor for å padle vidare utover, forbi Byholmane og til Vattøy.

Det var knapt ei krusning på vatnet, men ute ved Vattøy var det likevel eit visst drag i sjøen, heilt inne ved land. Etter å ha runda Vattøya, syns vi i HKK det var på tide med ein rast på land. Dei andre hadde meir lyst heim, og vende baugen mot Ulsteinvik.

Etter pausa vende vi også baugen heimover. Vi la frå land og padla utover i det Hurtigruta passerte forbi. Enkelte av oss håpte på ein liten surf på kjølvatnet, og padla med vi vann for å fange bølga. Dessverre måtte eg innsjå at min motor kom litt til kort….

Når vi drog kajakkane opp på sanden på Osneset, var klokka nærmare 12, og "alle var enige om at det hadde vore ein fin tur!"

Tekst og foto: Mildrid Flø

Fotoalbum: Tor Inge Warholm

Påsketur i Eiksund

Herøy kajakklubb inviterte i dag til ein rolig påsketur, med høg kosefaktor i Eiksund. Åtte medlemmer møtte ved småbåthavna, og etter ei lita økt med påkledning og sjøsetting, la vi i veg i retning Selvågane.

Veret var strålande, med sol og for det meste rolige vindforhold. Det blei mykje snirkling, inn i kriker og kroker og under sjøbuer.

Eg syns denne vesle sjøbuda er utrulig sjarmerande, og etter å ha padla under den er eg ikkje mindre sjarmert! Berre sjå på bjelkane som ber golvet! :-)

Etter å ha utforska Selvågane ei stund, var det tid for ei pause i sola. Vi gjekk i land, og drog kajakkane opp på berget. Matpakker og termosser blei leita fram, og etter ei lita stund brann bålet godt.

Etter matøkta var vi klare for å ta åra fatt på nytt. Vi kryssa Selvågdjupet over til Eika, og padla innover mot Eiksund igjen. Også langs Eika er det flust med kriker og kroker å utforske.

Undervegs blei det også tid til å teste rulleferdighetene som vi har terpa på i bassenget i vinter. Eg har vore litt spent på om rulla ville fungere "i det virkelige liv" også, og begeistringa mi var stor når den satt på første forsøk!

 

Tekst og foto: Mildrid Flø

Fotoalbum: Tor Inge Warholm

HKK Padletur frå Brandal

Isabell inviterte kjente til ein liten innflyttingsfest denne søndagen. Dermed tok vi turen ut på Brandal for å kunne kjenne sjølufta før kveldens tilstelling. Sjølv om dette er ukjent territorie for avdeling Ytre har vi kjentmann Are som turguide.

HKK klargjering

HKK klar på stranda

Eg, Eldar, Anny, Christina og Are møtte ein fin sandstrand på indre hamn. Gode forhold med små bølje i skyminga og lite vind. Då vi omtrent sto klar til å entre sanden dukka Isabell opp. Ho var ny vandra og ikkje vanskelig å be med på ein tur til. Dermed stilte 6 HKK medlema kar til dyst. Turen jekk longs land og delvis lengre vest, veghindringar i form av oppdrettsanlegg. Mørke kom fort i det vi inntok medbrakt niste utpå den gamle søppelfyllinga.

Kaffi pause på Kvitneset

Vegen tilbake jekk i samla tropp då mørket hadde satt begrensningar på synet. Stort repertoar av allsong fylte kveldslufta der padlarane frå HKK gleid tilbake til Brandal hamn. Ein liten tur på 6,5km var tilbakelagd og samelige gledde seg til å sjå kva Isabell diska opp med. Vel påkledd i noko uformell søndags ham, fant vi fram til bupelen. Kvelden brukte vi i godt selskap rundt tapas og gode deserter =) Tusen takk Isabell!!

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 389 other followers