I dag la Herøy Kajakklubb turen til Vattøya.
Alt klokka 08.00 troppa vi opp ved Osnessanden, klare for tur i det flotte vårveret. Grunnen for den tidlige avgangen var at ein lokal frilansjournalist, som held på å skrive ein artikkel om padling her i området, skulle få utnytte morgenlyset og teke bilder til artikkelen sin. I tillegg til folk frå HKK, var det også med ein del andre padlarar frå området. I alt var vi 11.
Ruta gjekk først over til Håkonsholmen. Der blei vi ønskt velkomne av den lokale befolkninga, ei lita gruppe villsau. Ein av dei hadde to ørsmå lam, som utan å nøle fulgte mora heilt ned i vatnkanten på det bratte svaberget, Det var ikkje fritt for at eg planla "Aksjon Redd Bæ Bæ Lille Lam" der eg satt, men dei små var overraskane stø på beina der dei klivra rundt.
Vidare padla vi gjennom sundet mellom Håkonsholmen og Hatløya.
Sjøen var veldig rolig og fin då vi kom på utsida av Hatløya. Vi bestemte oss difor for å padle vidare utover, forbi Byholmane og til Vattøy.
Det var knapt ei krusning på vatnet, men ute ved Vattøy var det likevel eit visst drag i sjøen, heilt inne ved land. Etter å ha runda Vattøya, syns vi i HKK det var på tide med ein rast på land. Dei andre hadde meir lyst heim, og vende baugen mot Ulsteinvik.
Etter pausa vende vi også baugen heimover. Vi la frå land og padla utover i det Hurtigruta passerte forbi. Enkelte av oss håpte på ein liten surf på kjølvatnet, og padla med vi vann for å fange bølga. Dessverre måtte eg innsjå at min motor kom litt til kort….
Når vi drog kajakkane opp på sanden på Osneset, var klokka nærmare 12, og "alle var enige om at det hadde vore ein fin tur!"
Tekst og foto: Mildrid Flø
Fotoalbum: Tor Inge Warholm