Filed under Trening, hav

Prøvetur med Greenland GT

Det har sine fordeler å ha ein kajakkforhandler i klubben. I går fekk Ystute inn eit lass med nye kajakker, og Tor Inge inviterte om kvelden til testtur i Straumen.

Vi padla ikkje så langt, for det blei ein tur der utprøving av båtane var i fokus. Eg padla den nye Tahe Marin Greenland GT. Denne er like lang som Greenlanden min, men er 3 cm breiare og har 4 % større volum. I tillegg har den keehole-cockpit og ei lita dagsluke.

Eg fann meg straks tilrette i GTén. Lårstøttene passa meg perfekt, så eg følte eg hadde god kontakt med båten. Bakdekket virka litt høgare enn på min kajakk, men dette viste seg å ikkje ha noko betydning. GTén var like fin å rulle med som sin mindre slektning.

Tor Inge og Eldar testa ut dei nye variantane av Tahe Marin Reval, mini og midi. Spesifikasjoner blei diskutert, og egenskapane utprøvd. Ellers fekk eg pussa litt på telemarksvingen, og sidan Eldar tok seg eit bad, fekk vi også trena litt på kameratredning ;-)

Tekst og foto: Mildrid Flø

Endelig rulling i sjø!

Vi har brukt mange timer på å terpe på ruller i bassenget i vinter. Eg har vore ganske spent på om rulla også ville fungere i det kalde sjøvatnet og med fullt utstyr. I dag var tida koma for å prøve, og gleda var stor når det gjekk på første forsøk! Etterkvart la eg også dykkermaska vekk. Også eit par andre i klubben testa rulla i sjøen i dag. Her er ein liten videosnutt frå dagens rulleøkt.

Tekst og video: Mildrid Flø

Påsketur i Eiksund

Herøy kajakklubb inviterte i dag til ein rolig påsketur, med høg kosefaktor i Eiksund. Åtte medlemmer møtte ved småbåthavna, og etter ei lita økt med påkledning og sjøsetting, la vi i veg i retning Selvågane.

Veret var strålande, med sol og for det meste rolige vindforhold. Det blei mykje snirkling, inn i kriker og kroker og under sjøbuer.

Eg syns denne vesle sjøbuda er utrulig sjarmerande, og etter å ha padla under den er eg ikkje mindre sjarmert! Berre sjå på bjelkane som ber golvet! :-)

Etter å ha utforska Selvågane ei stund, var det tid for ei pause i sola. Vi gjekk i land, og drog kajakkane opp på berget. Matpakker og termosser blei leita fram, og etter ei lita stund brann bålet godt.

Etter matøkta var vi klare for å ta åra fatt på nytt. Vi kryssa Selvågdjupet over til Eika, og padla innover mot Eiksund igjen. Også langs Eika er det flust med kriker og kroker å utforske.

Undervegs blei det også tid til å teste rulleferdighetene som vi har terpa på i bassenget i vinter. Eg har vore litt spent på om rulla ville fungere "i det virkelige liv" også, og begeistringa mi var stor når den satt på første forsøk!

 

Tekst og foto: Mildrid Flø

Fotoalbum: Tor Inge Warholm

Rundetur på påskeafta

I dag var det klubbtur med Herøy kajakklubb til Runde. Vi var tre som møtte; Tor Inge, Jan og eg. Vergudane hadde stått opp med rette foten i dag, så det var strålande sol og lite vind. Vi skulle likevel ikkje padle langt før vi fekk smake litt på storhavet!

For meg som har testa Greenlanden mest i basseng dei siste månadane, blei dette ei skikkelig treningsøkt. Fekk virkelig kjørt meg med både hoftearbeid og støttetak. Heldigvis har eg hatt ein ivrig 7-åring med i bassenget i vinter, som har sett det som si oppgåve å syte for at mora får jobba med støttetaka sine.

Det blir smått med bildetaking under slike forhold. Har ikkje så lyst å sleppe åra når eg sit mellom tunge havdønninger. Først når vi var framme ved fuglefjellet og la oss i flåte, fekk eg tatt nokre bilder. Då er det sjølvsagt typisk at det på bilda ser ut som det er tilnærma flatt hav…. ;-)

Det var greitt med "støttehjul" ei lita stund før vi padla tilbake. Då kunne eg både få teke litt bilder, kvile litt, og få nyte naturen ei lita stund.

I fuglefjellet var det full aktivitet. Havsulene jobba med reirbygging, og fleire ørner sirkla rundt over Rundebranden.

Mot slutten av turen fekk karane leika seg litt i bølgene.

 

Tekst og bilde: Mildrid Flø

Padletur til Selvågane

Eg og Mildrid tok oss en kort kajakktur onsdag 3 mars. Vi hadde tenkt oss å padle rundt Eika i dag, men vi fikk for kort tid til det. Det vart da en tur til Selvågane i staden. Vi kjørte til Eiksund og fant oss en flytebrygge til å sette ut kajakkane fra.  Det var litt kaldt i lufta, men sola varmet litt så det vart meir behagelig. Det å skulle entre kajakken fra flytebrygga grudde eg meg litt til, det har eg ikke gjort siden på kurset på Rangøya i fjor haust. Eg var ikke gira på å bade i den iskalde sjøen for å være heilt ærlig. Eg greidde det fint med litt hjelp av Mildrid.  Det var delvis frose i havna, men isen vi måtte forsere var veldig tynn og ga lett etter når vi kom der med kajakkane.  Det vart litt fotografering i starten av turen, nokre blinkskudd vart foreviga for framtiden. Sjøen var stille og blank, enkelte steder noen små krusninger i overflata. Inn i Selvågen kom vi, men i enden mot sør var det sørpe og tjukk is. Landskapet var for det meste dekket med snø. Vi stoppet der en liten stund og tok nokre bilder. Det er mange fine motiver her inne. På vegen tilbake oppdaget vi et naust med sjel i Havågen. Det var også fleire som hadde oppdaget det, en mink svømte foran naustet og krabbet på land og forsvant inn i steinmuren ved siden av naustet. Han prøvde forgjeves å få kontakt med artsfrender uten hell. Han kom fram igjen og gjorde fleire forsøk med sine spesielle rop, men ingen svarte på hans rop. Eg og Mildrid prøvde å lokke den fram igjen med å herme, men vi vart vel gjennomskua av minken.
Dette naustet ligger utrulig bra til der ved sjøen, det ser ut til å vere forlatt. Ikke er det stellt med bordkledningen på mange år, og noen av vindauga er knuste. Vi tenkte på kor kjekkt det hadde vore å ha hatt eit slikt naust på en så fin plass som dette naustet ligger på. Det får vel bli med tanken inn til videre.
Endelig er vi til bake ved flytebrygga, da er det å kome seg ut av kajakken tørrskodd, uten å velte den.
Sola forsvant bak fjella når vi kom til land, temperaturen sank betraktelig og lufta vart kaldare. Det var godt å kome heim til eit varmt hus og nydelig middag.

Litt knusning på sjøen…

Komen til Selvågen, blank sjø og speilbildet perfekt.

 

Hit og ikke lengre. Her var det tjukk sørpe og ikke fristande og sette seg fast her..

Naustet som vi fallt litt for, kunne vi berre fått tak i det og restaurert det…. 
Perfekt beliggenhet ;-)

 

Tekst og bilder: Jon Oli Arnason