Filed under Turopplevelser

8.mai tur til Rundebranden

Etter denne omtalen på ut.no:

“Runde har under hundre fastboende. I hekkesesongen kan innbyggertallet på fugleøya komme opp i nesten 400.000!”

Tenkte vi at det var på tide å ta seg ein tur og helse på dei omtalte innbyggerane.

 

Vi var ni heldige padlarar som fekk nyte ein strålande dag ved Runde. Vi padla frå Rundebrua og fulgte land via den blå lagune, grottene, langs branden og vidare til fyret. Vi var maks heldige med været, sjøen var rolig og ein nydelig temperatur. Det var faktisk rolig nok til å få utforsket grottene også, men der var det en kaldere gufs innerst inne.

 

 

Ved fyret fann vi oss ein lun plass til grilling, god mat og røvarhistorier, før vi returnerte same vegen som vi kom. På tilbakevegen hadde vi håpt på sjøfuglane hadde gjort seg ferdig ut på feltet, men det var dei ikkje, derfor blei det litt mindre fugl enn vi hadde håpt på, men på alle måtar ein vellykka søndagstur. Vi for ta igjen turen ein annan dag, litt meir ut på kvelden, då blir det nok meir fugl.

 

 

Tekst og bilde: Tor Inge Warholm og Mildrid flø

Kveldstur til Runde

Til sammen ti personar blei med på ein flott kveldstur til fuglefjellet og fyret på Runde i går kveld. Blandt desse var to gjester frå Israel, som var max heldige med forholda! Det er ikkje mange dagar i løpet av eit år at det ligg til rette for å padle inn i grottene, men i går gjekk det fint. På vegen bort til fuglefjellet snirkla vi oss inn mellom klippene og steinane langs land. Folk som ferdast rundt Runde med vanlig båt går glipp av mykje moro. Sjølv om det var rolig sjø i går, var det akkurat nok drag i sjøen til at vi kunne leike oss i straumane over skjera og mellom klippene. Det er seint på sommaren, så fuglelivet på Runde er ikkje så mangfoldig lenger. Likevel var det flust med skarv å sjå. Det var eit imponerande skue når denne flokken med havsuler tok laust! Det er fleire grotter på Runde. Vi var innom to av dei. Turen rundt Kvalneset baud på ein del meir sjø, sidan vi ikkje lenger var i le bak Branden. Alle kom seg likevel velberga rundt og inn til havna ved fyret. Dette er ikkje lettaste plassen å gå i land, men med godt samarbeid går det fint. Også sjøsettinga etterpå gjekk greitt, sjølv om ein av oss fekk eit ufrivillig bad. Tor Inge si sjøsetting var av det meir kreative slaget. Rett etter at kajakken landa med eit plask, kom også mannen deisande :) . En liten smak på storhavet, før vi returnerte same vegen som vi kom. Litt utforsking av kriker og kroker blei det tid til på returen også. Rett og slett ein fantastisk flott kveld!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tekst og bilde: Mildrid Flø www.lillesort.net

 

Add to FaceBookAdd to MySpaceAdd to Twitter

Rundetur 17.aug

Med besøk fra Terra Santa i Israel var vi tilsammen 10 stk på på tur denne ettermiddagen. Plassen vi brukar å sette ut ifra hadde fått utstasjonert nokren kyr på sommarbeite. Dei virka veldig interesert i padling, faktisk so godt dei begynte å slæike på kajakken min. Men desverre hadde eg ikkje med egna farkost for dei, kansje neste gong ;)

Det var full klaff med været, som resulterte i ein strålande tur til rundebranden og grottene, med mykje snirkling langs land på veien.

Etter Rundebranden tok vi lunsj ved fyren på Runde og fikk strekt litt på beina. Alltid like artig å gå i land der, pga ein må ver litt kreativ med ilandstigningen og hjelpe kvarandre.

Etter rasten gikk ferden tilbake samme vei, med nok ei runde med snirkling langs land. Rundebranden er eit paradis for teknikktrening!

Litt dumt at dei fleste fuglane har reist, men vi for helse dei velkommen neste vår ;)

Alt i alt en gjeng meget fornøgde padlarar.

Takk for turen og på gjennsyn :D

-mvh-

Tor Inge warholm

Kveldstur rundt Stokkholmen

legg merke til fisken so hoppar. Ingen delfin, men…..

40195_143066075718073_100000440437025_317558_1220047_n

Bilde: Håvard Haraldson Hatløy

So long, and thanks for all the fish

is the message left by the dolphins when they departed Planet Earth just before it was demolished to make way for a hyperspatial express route.

Men eg håper at delfinen i Ulsteinvik, ikkje he same utspekulerte planene som dei i “The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy”

Delfinsafari er uansett noko som tydeligvis ikkje går av moten i HKK. I denne uka har det vert fleire turar ut for å helse på Delfinen i Ulsteinvik. Å han skuffar ikkje. Legg i med eit spektakulært show kvar gong vi er der. Sist vart det litt bading også ilag med delfinen. Men det var vist med ein virkelig blanda følelse, både gøy og litt skummelt. For han kom mot dei badande med sann ei fart at ein måtte nesten sprelle litt for å jage den.

På turen i går va der også med folk fra New Zealand og USA. Kjekt med besøk frå andre sida av jorda!

Meir bilde kan beskuast i albumet. Det kjem sikkert ein video til i HD om litt.

 

 

Add to FaceBook