Arkiv | Turopplevelser RSS for denne seksjonen

Kveldstur rundt Stokkholmen

legg merke til fisken so hoppar. Ingen delfin, men…..

40195_143066075718073_100000440437025_317558_1220047_n

Bilde: Håvard Haraldson Hatløy

So long, and thanks for all the fish

is the message left by the dolphins when they departed Planet Earth just before it was demolished to make way for a hyperspatial express route.

Men eg håper at delfinen i Ulsteinvik, ikkje he same utspekulerte planene som dei i “The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy”

Delfinsafari er uansett noko som tydeligvis ikkje går av moten i HKK. I denne uka har det vert fleire turar ut for å helse på Delfinen i Ulsteinvik. Å han skuffar ikkje. Legg i med eit spektakulært show kvar gong vi er der. Sist vart det litt bading også ilag med delfinen. Men det var vist med ein virkelig blanda følelse, både gøy og litt skummelt. For han kom mot dei badande med sann ei fart at ein måtte nesten sprelle litt for å jage den.

På turen i går va der også med folk fra New Zealand og USA. Kjekt med besøk frå andre sida av jorda!

Meir bilde kan beskuast i albumet. Det kjem sikkert ein video til i HD om litt.

 

 

Add to FaceBook

Meir delfinsafari…

Det var mange som følte dei hadde gått glipp av noko når dei fekk høyre om turen vi hadde hatt på laurdag. I kveld bar det difor på delfinsafari igjen! Det tok si tid før delfinen dukka opp, og vi lurte ei stund på om han var reist igjen, men vi fann han til slutt.

 

Med stort og smått var vi 14 som tok turen på fjorden i kveld.

Delfinsafari

Dei siste dagane har ein gulflankedelfin halde til i fjorden ved Ulsteinvik. Vi valde difor å legge ut i kano og kajakk, og bruke laurdagskvelden til delfinsafari på fjorden.


Vi speida etter delfinen ei god stund, utan at vi kunne sjå noko til den. Plutselig ropte Trygve at delfinen var ved kajakken hans! Eg trudde først at han tulla, men der var den altså, heilt inntil båten.
Det er nærmast umulig å ta bilete av ein delfin, med mitt aldrande digitalkamera. Når kameraet endelig får tatt biletet, er delfinen vekk, og alt som er att, er ringane i vatnet. Eg valde difor å filme i staden. Kvaliteten er så som så, men her er filmen:



Vi fekk ein fantastisk kveld, som blei kruna med ein nydelig solnedgang!

"Det fins ikkje dårlig vêr…."

På ein tur for litt sidan, kom det på tale at vi skulle prøvd å fått til ein klubbtur med overnatting snart. Det er ikkje lett å få slikt til å passe for alle som vil vere med, men vi klarte å finne eit par dagar som sto ledige på kalenderen til dei ivrigaste av oss. Når tida nærma seg, såg det i følge yr og storm ikkje ut til at vi skulle få særlig klaff med vêret, men på tur skulle vi, uansett!


Mens vi pakka i kajakkane på Kjeldsund, plaska regnet ned, og når vi endelig var klare for å legge utpå, toppa det seg med lyn og buldrande tordenskrall. Vi lurte nok ein augneblink på om vi burde "snu i tide", men la i veg med friskt mot og klokketru på at vêret ville lette etterkvart. 


Og letta gjorde det!

Etter at Dragsundet var passert og vi hadde baugen retta mot Myrvågneset, skein det av og vart sommar!

Vi padla vidare innimellom holmane bortover mot Kristofferholmen, der vi tenkte å ta ei lita ilandstigning i det fine veret. Etter at alle ni i følget hadde kome seg på land, tok det til å regne igjen….

Like fort som sommaren kom, var han borte igjen, og skodda kom mot oss som ein grå vegg. Vi bestemte oss difor for å legge kursen direkte mot Kvitøya, der vi skulle slå leir for natta.

Ved ilandstigninga på Kvitøya, hadde den tjukkaste skodda letta.

Trollsk  :-)

Kvelden heldt fram i same stil, med veksling mellom godvêr og høljeregn. Det la likevel ingen dempar på stemninga, og vi kosa oss med god mat og godt selskap.
Med tørr, medbrakt ved, blei det skikkelig leirbål også!
Etter at ungane hadde teke kvelden, kosa vi vaksne oss ved bålet til langt uti dei små timar….

Etter ei god natt med tromming på teltduken, vakna vi til ein strålande dag!

Vi laga god frukost, før vi pakka i båtane og la utpå igjen.


Yes! Ein båt! 

Trygve syns det var skikkelig kult å padle på hekkbølgene til dei få båtane som passerte.

Å padle tett inntil land er super teknikktrening…., og veldig gøy!

Pausa tok vi på Veøya.
Undervegs i dag ropte Trygve til meg:
"Mamma! Velt, da!"
"Nei, ikkje no" svarte eg…
"Det er viktig å trene på det!" ropte han tilbake :-)

Trygve er ikkje redd for å trene! På slutten av turen hadde han ei god økt….

…..med hopp frå kajakken
…..og klatring oppi igjen :-)
Dette var første overnattingsturen vi har vore med på i klubbregi, men det blir ikkje den siste! Til tross for vekslande vêrtilhøve har vi kosa oss veldig. Det treng ikkje vere godvêr når ein er kledd for å tåle vatn, og det er vi sjølvsagt når vi padler kajakk.
Med på turen var gemalen og eg med våre tre barn. I tillegg var Eldar, Jan, Elin og Hege med.
Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 389 other followers