Vi har brukt mange timer på å terpe på ruller i bassenget i vinter. Eg har vore ganske spent på om rulla også ville fungere i det kalde sjøvatnet og med fullt utstyr. I dag var tida koma for å prøve, og gleda var stor når det gjekk på første forsøk! Etterkvart la eg også dykkermaska vekk. Også eit par andre i klubben testa rulla i sjøen i dag. Her er ein liten videosnutt frå dagens rulleøkt.
Her er ein liten snutt frå treninga i går kveld:
Det er lenge sidan eg trente inn ei ny rulle no. Det har vore så mange nye som har møtt i det siste, at treningane for det meste har gått med til nybegynneropplæring. I gårkveld derimot, var det berre "gamle travarar" som møtte. Eg hadde ikkje studert noko ny rulle på førehand, men ein av dei andre hadde ei han heldt på å trene på, så han forklarte den for meg. Han visste ikkje kva rulla heitte, men etter å ha sett litt på videoklipp, har eg kome fram til at det må vere ei baklengs sveiperulle.
Fekk til rulla på eit vis, men følte eg plundra litt med å få åra på plass før sveipen. Ser på videoklippet av Turner Wilson, at han ligg meir bakover på dekk i det han går rundt. Det vil nok gi ein betre utgangsposisjon for sveipen, enn den posisjonen eg hadde. Det blir arbeidoppgåva til neste trening
Tekst og video: Mildrid Flø
På rulletreninga fredag kveld, rulla eg ikkje ei einaste rulle. Eg satt faktisk ikkje oppi kajakken ein gong! Grunnen til det, er at eldste dotter mi ville lære å rulle kajakk, og la beslag på båten min heile kvelden. Korleis det gjekk, kan du sjå på denne videoen.
Tekst: Mildrid Flø
På fredag blei det nattrulling for den harde kjerne i Herøy kajakklubb. På grunn av vinterferien hadde bassenget utvida opningstid, og vi fekk først sleppe til klokka 22.00. Denne kvelden/natta konsentrerte eg meg om handrulla. Må nok finslipe teknikken litt, for det er langt frå alltid at rulla fungerer. Men øving gjer meister!
Tekst: Mildrid Flø