I sommarhalvåret arrangera Herøy Kajakk Klubb med jamne mellomrom lengre klubbturar. Desse er i utgangspunktet opne for alle som har tatt grunnkurs hav og har våttkort. Dette er overnattingsturar til perler langs Sunnmørskysten og padlesamlingar i Noreg. Slike klubbturar blir støtta av HKK og det er mogleg å få dekt utgiftene til felles overnatting og transport. Dette tas stilling til i kvart enkelt tilfelle. Vi ber om at kviteringar blir levert til HKK styret for refusjon.
Har du ein spanande turforslag eller ei padlesamling du vil delta på?
Vil du ha selskap på ein ekspedisjon?
Ta kontakt og informerer styret om dine padleplanar.
Herøy Kajakk Klubb arrangerar også såkalla vidaregåandeturar for erfarne padlara. Slike klubbturar blir avtalt mellom dei aktuelle padlarane og set krav til utstyr og ferdigheit. Skriv til oss på post@heroykajakk.com om du vil oppleve vill natur frå kajakken.