Alt for mykje fritid
Når man har altformykje fritid ein sumarsdag så må man vel berre ta seg ein tur på det blå. Les meir …
Stokkøya 2011

Vi prøvar å planlegge ein felles tur til padletreffet på Stokkøya 11-14 august.
“Treffet er for alle som er interessert i Inuittenes kajakkhistorie, relaterte padle- og rulleteknikker og bygging av grønlandske kajakker og baidarkaer. Du må gjerne komme med plast- og glassfiberkajakk, det eneste ”kravet” vi stiller er at du padler, eller har lyst til å lære å padle, med grønlandsåre.”
Vi i HKK vil prøve å samle dei medlemma som kan tenke seg å vere med på dette. Muligens får vi til fleire bilar og ev. ei campingvogn. Og då kan vi prøve å lage ein felles camp om ønskelig.
Meir Info om treffet: https://sites.google.com/site/stokkoya2011/
Planlegging og påmelding foregår for øyeblikket på Facebook, dersom du ikkje har FB kan du sende oss mail.
Padleleir på Borgarøya

I pinsa holdt NPF og HKK tidenes fyrste samling på sunnmøre nærmare bestemt på Borgarøya. Været var ikkje akkurat sommarleg men tempraturen var akkurat passe. Les meir …
Skandinavia rundt-padlar held foredrag i Fosnavåg
I morgon, laurdag kjem Erik B. Jørgensen innom Fosnavåg med sin kajakk. Han er på veg rundt Skandinavia, og vil stoppe for å halde foredrag.

Mer om turen til Erik, kan dere lese i hans blogg
– Skandinavia rundt i kajakk er ein tur frå grensa mellom Russland og Noreg ved Jacobselv, der eg vil ro langs kystane av Noreg, Sverige og Finland og slutte ved grensa mellom Finland og Russland. Turen strekkjer seg over eit halvt år og mellom 7.200 til 7.400 km, skriv han i bloggen sin.
Erik B. Jørgensen som padlar rundt Skandinavia, padlar forbi Fosnavåg på laurdag. I morgon, Laurdag kl 1400 held han foredrag i lokala til Rederiparken på taket av Meny Fosnavåg. Han vil fortelje om sin tur rundt Danmark i fjor vinter, som var den kaldaste vinteren på 23 år i Danmark, og Skandinavia rundt-turen så langt. Ved interesse vil han også snakke om si kryssing av Grønland "Thule til Thule "– i Knud Rasmussen sine fotspor.
Dette blir ei unik moglegheit til å treffe ein som verkeleg tør og leve sine draumar om lange ekspedisjonar og unike turar.
Etterpå held han fram turen sørover, der dei som vil kan slå følgje frå Fosnavåg og utover mot Varholmen. Erik padlar deretter til Kvamsøya, og får seg litt søvn der, før passeringa av Stadt på søndag.
Om dykk brukar facebook, gje gjerne beskjed på denne sida om dykk kjem.




Devold
Herøy Næringsforum