Polo

HKK har valg å satse på kajakkpolo i 2012, i januar 2012 vil vi starte opp med treningar i bassenget så snar vi har alt sikkerheitsutstyr på plass. Sidan bassenget er av mindre format vil vi fyrst og fremst trene på teknikkar men vi håpar på at speling i lettutgåve vil lat seg gjere, Vi har valgd å sette kjennskap til rulla som krav til deltakelse (rulla kan lærast på rulletreningane).

I sommarhalvåret vil vi flytte satsinga utandørs, då får vi muligheit til å spele skikkelige kampar. Vi vil då få ei meir korrekt trening slik at vi kan starte med vennskapskampar med andre klubbar rundt om kring i landet. Målet vårt er i fyrste omgong deltakelse på Norgescup, å kva som skjer etter det er det berre framtida som vil vise. Men “the sky is the limit” som det heiter på nynorsk.

Framtidsplanar:

Om intressa blir stor nok vil vi på sikt kjøpe inn nok utstyr til å kunne danne 2 lag det vil føre til at vi lettare kan få oss kamptrening innad i klubben å vi vil stille sterkare på evt. mesterskap. Deltakelse i seriespel vil bli eit faktum om Noreg klarar å få nok lag til det, å nokre heldige få vil kansje få delta på eit framtidig landslag.

 

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 387 andre følgere